• Biletet frå Nauste er teke ein gong det var storfint besøk i Eresfjord. Det er truleg frå då kong Oscar II kom til Nauste 23.07.1896 med kongeskipet ”Valkyrjen” som ligger bakerst på høyre side. .Samtidig var også keisar Wilhelm II av Tyskland med skipet SMY Hohenzollern der. Kongen gjekk i land, det gjorde ikkje keisaren. Til høgre i biletet ser me at den gamle steinkai med trevor framfor er pynta med lauvtre (bjørk?) . 7-8 dampskip er å sjå inst i fjorden, i tillegg skimtar me noko av eitt som har kantra...På biletet ser me frå venstre Torjuulbrygga (eigar Markus Kristenson Torjuul, Bruvollen g.nr. 93, br.nr. 11), ”London” (eigar Tore Solhjell, g. 89, br.nr.1 seinare frådelt til br.nr. 6 ”Naustbukt”), sjøhus som tilhøyrte landhandlar og hotelldirektør (?) Nils J. Ness, i dag under garden Solhjell (eigar denengongTore Solhjell, g. 89, br.nr.1), Sirareit-naustet som kort tid etter vart rive og erstatta av det som vart første posthuset på Nauste frå 1897 (eigar Peder Petterson Siira, g.nr. 91, br.nr. 1)), Tollef-naustet (eigar Tollef Knutson Nauste g.nr. 93, br.nr.3, , Torhus-naustet (eigar Kristian Jonson Torhus, g.nr.90, br. nr. 1) og, lengst til høgre, Ingrid Nauste og Sæmund Slenes` naust (nausttomt under Kremmarbkta, g.nr. 93, br.nr. 12)..(Se Romdalsmuseets årbok 2001)
    Photo: Romsdalsmuseet

Biletet frå Nauste er teke ein gong det var storfint besøk i Eresfjord. Det er truleg frå då kong Oscar II kom til Nauste 23.07.1896 med kongeskipet ”Valkyrjen” som ligger bakerst ...

2 comments

  • Bildet kan ikke være tatt i 1896, Keiser Wilhelm var aldri i Norge før 1898. Bildet er nok fra 1903, da kong Oscar var på reise i Norge etter åpningen av Ofotbanen. De skulle ha et toppmøte i Digermulen, men på grunn av været ble det ikke noe av dette, så de møttes nok senere lenger sør.
  • Bildet kan ikke være tatt i 1896, Keiser Wilhelm var aldri i Norge før 1898. Bildet er nok fra 1903, da kong Oscar var på reise i Norge etter åpningen av Ofotbanen. De skulle ha et toppmøte i Digermulen, men på grunn av været ble det ikke noe av dette, så de møttes nok senere lenger sør.

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to