History
-
Arkitekt Egill Reimers (1878-1946) står bak bygget som hadde 44 leilegheiter då det var nytt - 30 leilegheiter med 2 rom og kjøkken og 14 leilegheiter med 1 rom og kjøkken. Det var berre familiefolk som fekk husvære her. Standarden var god og alle hadde innlagt vatn og vannklosett og elektrisk straum. Teikningane med utkast til plan og fasade er signerte i september 1913 og byggeperioden blei gjennomført i 1914 og 1915.
Reimers har også teikna bygga til Historisk Museum, Turnhallen og Tinghuset i Bergen då han fekk oppdraget med å teikna den ultramoderne arbeidarbustaden i Odda. Omkring 1920 fekk han også oppdraget med å teikna Formennenes hus, no kjent som Formannshuset. Det blei først bygd i 1928 på grunn av dei vanskelege kriseåra tidleg på 1920-talet. Då planane for Murboligen blei utarbeidd i 1913, var Odda inne i ein vekstperiode som kravde nye og raske løysingar på mange felt. Utvidingane på karbid- og cyanamidfabrikken frå 1912 skapte stadig nye arbeidsplassar og eit stort behov for permanente bustadar og gode familiehus. Opplysningar frå bedriftsarkivet til karbidfabrikken (Alby United Carbide Factory. Ltd), viser at talet på tilsette auka frå 350 personar i 1910 til 795 personar i toppåret 1915.
Murboligen (eller Storboligen) er verkeleg monumental i bybildet. Den fyller heile langsida i kvartalet og har symmetriske sidefløyar. Dette dannar ein meir lukka og privat gårdsplass på baksida. Den fint boga gjennomgangen midt på langsida blei ofte kalla "hvelvingen". Det er på fleire måtar eit strengt skille mellom gatesida og "gården" bak, men "hvelvingen" gjorde vegen lett for bebuarane, og ungdomane bruka gjerne å samlast her i det overbygde uterommet. Det enorme loftet var også ein populær og spanande tilhaldsstad og fleire familiar laga ekstra soverom for unggutane her.
Huset har mange oppgangar. Alle familiane hadde tilgang til både hovudtrapp frå gatesida og baktrapp frå kjøkkensida. Huset har og mange karakteristiske detaljer som er tatt godt vare på. Dette gjev særpreg til bygningen. Legg merke til dei boga inngangsdørane og dei strengt forma lampane over, markeringane av hjørnene, gråsteinen i grunnmuren, alle vindaugsarkane på taket etc. Silen kan karakteriserast som seinhistorisme med jugendpreg.
Først blei Murboligen kalla storboligen, og trehusa som låg i området, blei kalla småboligane. Berre seks-sju år tidlegare var det bygd tre småboligar på same tomta som murboligen blei reist. Desse var heilt identiske med dei som framleis ligg på sørsida av gata (museumsanlegget), men husa blei flytta lenger vest for å gje plass til fire gonger så mange leilegheiter på same arealet.
Forfattaren Frode Grytten brukar huset som ramme i romanen Bikubesong.
Eierskap
Classification
-
- Boliger (Outline)OU 342
License information
Metadata
- IdentifierI-00356
- Part of collectionKraftmuseet - Norsk vasskraft- og industristadmuseum
- Owner of collectionHordaland
- InstitutionKraftmuseet
- Date publishedMarch 18, 2014
- Date updatedSeptember 29, 2023
- DIMU-CODE011012852107
- UUID4841cadb-6775-4b7c-8672-061ac35e8c7f
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».