Biletet er truleg teke i ein av småsalane i toppetasjen i Folkets Hus i ein festleg anledning
Bakerste rekke nr.3: Tomassen (bakar), nr. 5: Vindenes - bestyrar den gang i Kooperati ...
Biletet er truleg teke i ein av småsalane i toppetasjen i Folkets Hus i ein festleg anledning
Bakerste rekke nr.3: Tomassen (bakar), nr. 5: Vindenes - bestyrar den gang i Kooperativet (Samvirkelaget), ytterst: T.H. Westerlund (bakar).
Foran: Marie Hovde, Malena Flatabø, Sigrid Robertsen, nr.4 ukjend, frk. Westerlund, Otelie (Ottilie / Otilie Johanne) Slåttelid, Hjørdis Gulbrandsen.
Gift med Edvard Hovde. 3 barn. Enke i 1915. Tok seg då arbeid i butikk. Gifta seg i 1920 med bror til Edvard, Nikolai. Flytta ca 2,5 år til Narvik tidleg på 1920-talet, medan det var stans i arbeidet på karbidfabrikken (smelteverket) i Odda. Fekk dottera Inger. Med i arbeidarrørsla (DNA) som resten av familien. Svigerinne med Anna Mathisen. Arbeidde til ho var 70 år. Vart omtala som Marie (ikkje Emma Marie) i familien.
Det er fortalt at ein gong Martin Tranmel var i Odda og skulle tale til anleggsarbeidarane i Skjeggedal, følgde Anna Aspen og svigerinna Marie Hovde han til Skjeggedal. Mennene deira var på arbeid og kunne ikkje forlata det. Alle var aktive i Odda herreds arbeiderparti (sosialdomokratane). (Informant Inger Sivertsen, dotter til Marie.)
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».