History
-
Gardsbruket Bustetun eller Kremargarden var det bruket i Odda sentrum som hadde tunet nærast sjøen. Privilegiet eller løyvet til å driva som gjestgjevar og kremmar, har følgt garden frå 1600-talet og fram til det blei oppheva i 1840-åra. Overgangen til tettbygd område kom alt i 1890-åra eller noko tidlegare, og gardstunet blei liggjande midt i gatemiljøet etter kvart.
Huset er bygd i typisk sveitserstil og har plass for butikklokale i underetasjen og fleire leilegheiter i dei øvre etasjane. I 1907 var industriutbygginga i gang for fullt, og det var stor etterspørsel etter alle typar lokale. Reguleringsplanen for Odda var og ferdig på same tid. Lars O. Bustetun var byggherre i 1907. I det kommunale arkivet og protokollen etter Bygningsstyret for Odda bygningskommune kan vi lesa at i 1908 sende Lars O. Bustetun ”andragende” om ”at få påsætte altaner på nordsiden av hans hus i 1ste og 2den etage hvor sådanne er tiltænkte og hvor døre er anbragte i ytterveggen.” Han fekk ikkje grønt lys etter første sakshandsaming, saka måtte vidare til rette instans, men altanane kom opp og står der enno. Ei innskrift på ein bjelke seier: Byggmeister Andreas Raaen, Utne. 1907
Fotografering: 1933
Eierskap
Classification
License information
Metadata
- IdentifierI-00806
- Part of collectionKraftmuseet - Norsk vasskraft- og industristadmuseum
- Owner of collectionHordaland
- InstitutionKraftmuseet
- Date publishedMarch 18, 2014
- Date updatedSeptember 29, 2023
- DIMU-CODE011012853307
- UUID36156867-4847-4e6e-96fe-806c2168a67f
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».