History
-
- I 1882 vart Vetrhus Hotel seld til brørne Svein og Mikkel Tollefsen. Svein Tollefsen var ein dyktig hotellmann, og hotellet han bygde var stort og moderne og stetta dei krav engelske turistar stilte til komfort. Hotellet var ferdig i 1887 og fekk namnet Hotel Hardanger. Svein Tollefsen var ugift, så han tilsette Sofie Simonsen frå Mølstervåg på Sveio som oldfrue, vertinne og husmor. Svein Tollefsen vart alvorleg sjuk, og då han merka at sjukdomen tok meir og meir overhand, skreiv han til broren Mikkel og bad han koma heim og hjelpa han. Mikkel kom, og i 1885 gifte han seg med oldfru Sofie Simonsen. Då Svein Tollefsen døydde i 1889, berre 38 år gamal, gjekk hotellet over til broren Mikkel og fru Sofie. Fredag 9. august 1895 brann Hotel Hardanger ned til grunnen. Kontorsjef Theodor Simonsen tok med seg arkitekt Hans-Heinrich Jess frå Bergen til Odda for å planlegga det nya hotellet. Antakeleg hadde Tollefsen gått med tankar om å utvida hotellet med hjelp av arkitekt Jess då det brann ned. Truleg hadde arkitekten allereie deler av teikningane klare, for ti månader seinare stod det nye Hotel Hardanger ferdig til å ta imot gjester frå inn- og utland.
Fotografering
- ProdusentJacobsensikker
- Adresse,Hordaland Bergen Store Markvei 13 / 8. Torvalm.8
- ProfessionFotograf
- DigitaltMuseumSearch in «Jacobsen»
Eierskap
Classification
License information
Metadata
- IdentifierI-01138
- Part of collectionKraftmuseet - Norsk vasskraft- og industristadmuseum
- Owner of collectionHordaland
- InstitutionKraftmuseet
- Date publishedMarch 18, 2014
- Date updatedSeptember 29, 2023
- DIMU-CODE011012854201
- UUID1a2b6808-d1f8-45a5-8ae0-c679f0785083
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».