History
-
Marta og Tolleiv Almerket som budde i ei lita stove på Almeket (Almerke 1) kom tidleg med i reiselivet i Odda. Han skyssa (rodde) turistar til Tyssedal og ho, "Tolleiv-Marta" dreiv kaffihus og hyste reisande i den vesle røykstova deira på Almerket. Sonen Mikkel (Mikal) overtok Hotel Hardanger då broren Svein (Sven) døydde tidleg. Svein hadde bygd opp eit moderne hotell på 1880-talet. Mikkel gifta seg i 1885 med Sofie som kom til Odda saman med broren Theodor Simonsen for å leia drifta ved hotellet. Ho var oldfrue og vart etter kvar "sjølvaste hotellfruo". Sonen Theodor var eldst av fem sysken.
Her er familien mest truleg avbilda utanfor Hotel Hardanger tidleg på 1890-talet. Fotograf Bernt Schrøder budde då på Lofthus, men har truleg fotografert i Odda også. Detaljer av vindauge og dør (inngangsparti), liknar på detaljer frå bygget etter Monsens Hotel (Wetterhus Hotel), det same gjer stakittgjerdet. Men det er ikkje slått fast om døra frå nordsida kan vera flytta til sørsida eller om det feltet som ser ut som ei dør er ein måla "illusjon" eller ei verkeleg dør.
Fotografering: 1892 - 1893 (Theodor født 1886, antatt 6-7 år her)
- ProdusentSchrøder, Bernt Martin Henrik Nilsen (1845 - 1900)sikker
- History
Født 29.09.1845, død i Lofthus 06.11.1900. Sønn av informator, gartner og skrivelærer Peter Henrik S. og Andrea Sophie Nielsen. Begynte å fotografere allerede i 1871, men fikk først eget firma da han sammen med danselærer Hoppe startet atelieret "Schrøder & Hoppe" i Strandgaden 26 i 1886. De averterte med "Specialitet Moment Børnebilleder". Hoppe døde i 1890, og Schrøder fortsatte en kort tid alene, flyttet deretter til Lofthus i Hardanger. Hans plater fra Hardanger (ca. 500 stk.) ble overtatt av Marthinius Skøien, og ble i 1971 takket være Josef Lutros iherdige innsats, funnet hos den skomakeren Skøien hadde losjert hos, reddet og plassert på Hardanger Folkemuseum i Utne.
Virkested:
1891 ca-1900: Lofthus
1871 ca-1891 ca: BergenGunnhild Slaatto Opedal som sende Schrøder-glasplater til Hardanger Folkemuseum (journalført 17.12.1990), etter at Josef Lutro hadde spurt etter dei, har fortalt i brevet som følgde med: Bernst Schrøder kom til Lofthus i 1890. Han hadde då tuberkulose og venen Garmannn Andersen som var lekjar på Lofthus og spesialist på tuberkulose, meinte at det var bra for han å koma til Hardanger sidan lufta var så god her. Den første tida budde Schrøder på Århus, men då han var smittefri flytta han ut til "Lidarende" eller "Eidnesbøen" til Helena og Torgils Eidnes. Syster hans budde då i lag med han og stelte for han og han heldt fram som fotograf.
Då han døydde, hadde Garmann Andersen lov å obdusera han, og han fann ut at tuberkulosen hadde innkapsla seg i lungene.
Gunnhild fortel òg at glasplatene som dei fann på loftet i huset på "Lidarende" var i god stand, det låg papir mellom kvar plate. Haldor Vik laga kopiar i tre eksemplar og nummererte platene før Hardanger Folkemuseum overtok. - Adresse,Norge Hordaland Ullensvang
- ProfessionFotograf
- GenderMann
- DigitaltMuseumSearch in «Schrøder, Bernt Martin Henrik Nilsen»
- History
Eierskap
Classification
Placement
References
-
- LitteraturreferanseDei finaste band, s. 25
- LitteraturreferanseKolltveit: Odda, Ullensvang og Kinsarvik i gamal og ny tid. Band 3:II, s. 208-209 og 244 (familie) og band 2, s 333-364 (hotell og reiseliv)
License information
Metadata
- IdentifierI-01516
- Part of collectionKraftmuseet - Norsk vasskraft- og industristadmuseum
- Owner of collectionHordaland
- InstitutionKraftmuseet
- Date publishedMarch 18, 2014
- Date updatedSeptember 29, 2023
- DIMU-CODE011012855192
- UUIDbe5a691d-4b7c-45d5-9208-0c5eeede79c8
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».