History
-
- Krigen kom til Odda 23. april 1940. Tyske bombefly kom lågt over staden og byrja ei uventa terrorbombing. Litt før klokka 16 kom det første flyet stupande inn over Odda i glideflukt fra Rossnos, og ei bomba falt på ei steinrøys i lia ovanfor Hjøllo. Steinspruten stod tvers over dalen og slo hol i hustak på den andre sida. Det var uventa, og skjedde så fort at det ikkje blei tid til å senda ut flyalarm. Den neste bomba traff sentrum og kaféen Skytningstova, som hadde vore full av gjester før flyene kom, men fekk redda seg ut i siste liten. Ei bomba fall udetonert i fjorden, før ei av bombene traff og knuste eit av Odda Smelteverk sine bustadhus i Straumen, på folkemunne kalla "Ulvahiet". Fire menneske mista livet: Hilda Hjørnevik, Bergljot Halling, Ragna Johannessen og den 15 år gamle sonen hennar Olaf. Fleire vart alvorleg skada, ein mista synet. Krigen som oddingane berre hadde lest om vart no blodig alvor. Det braut ut panikk, dei fleste ville ut av byen. Evakueringsnemda tok i bruk alle disponible transportmidler og folk flykta oppover dalen og utover fjorden. Kalkbåten "M/S Sørfjorden" gjekk med full last av flyktningar til vestsida av fjorden. Alle stader tok bygdefolket vel imot dei evakuerte og hjalp dei på beste måte. Den 15. mai kom tyske soldatar og oppretta Ortskommandantur i Odda.
Fotografering: 1940
- ProdusentJohnson, Erling B. (1883 - 1967)sikker
- History
Ingeniør og sjefskjemiker ved Odda Smelteverk. Fungerte i mange år som kontrollør av råstoffer som kom til Norzink.
Han har og fungert som fotograf ved Smelteverket. Forska og tok ut fleire patentar.Sjefskjemikar Erling B. Johnson fekk Norsk Kjemisk Selskaps Guldberg-Waage-medalje i mars 1964 for sin innsats innan "anvendt kjemi". Medalja vart overrekt i Universitetets aula i Oslo. Han var ein av to kandidatar som fekk denne medalja då ho vart utdelt for første gong. (Kjelde: avisa Hardanger den 14. mars 1964.)
- ProfessionIngeniør, Odda Smelteverk
- GenderMann
- DigitaltMuseumSearch in «Johnson, Erling B.»
- History
Eierskap
Classification
-
- Bygninger (Outline)OU 340
- Krig (Outline)OU 720
References
-
- FotoreferanserI-01969 identisk I-02083 nesten identisk
- LitteraturreferanseSmeltedigelen, s. 45.
License information
Metadata
- IdentifierI-02482
- Part of collectionKraftmuseet - Norsk vasskraft- og industristadmuseum
- Owner of collectionHordaland
- InstitutionKraftmuseet
- Date publishedMarch 18, 2014
- Date updatedSeptember 29, 2023
- DIMU-CODE011012857106
- UUIDb2f7393b-455c-4f95-b5d6-434172f2e137
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».