History
-
-
Anna Jordal dreiv drakthandel og souvenirbutikk. Ho flytta butikken sin frå kjellarlokalet Skjelmhaug til dette butikklokalet nord for Rymbelen i Odda sentrum. Det kom då nærare hotella og skysstasjonane. På denne tid var turisttrafikken stor om somrane. I følgje reiseskildringa "The best tour in Norway" av E. G. Goodman frå 1896, var det høg kvalitet på tinga og ikkje så høge prisar i souvenirbutikkane i Odda. Det låg ei tid minst fire slike "turistbutikkar" i området ved hotella.
Kvinna som vi ser med skaut i butikkdøra, er truleg Anna Jordal sjølv (1856-1925). Mannen til Anna dreiv skomakarverkstad og butikk i same huset, jamfør skiltet på hjørnet. Jenta til høgre i biletet er Eli O. Aga, gift Bøyum (1895 - 1994). Ho har fortalt i intervju ved Kraftmuseet at ho kom tilfeldig forbi her då der kom ein og skulle fotografera. "Eg var berre 16 år der" seier ho.
I møteprotokollen for Odda Bygningskommune, kan vi lesa at det den 8. februar 1897 "forelå anmeldelse fra skomager Helge H. Jordal om opførelse av en enetages træbygning med gavl mod gaden .... på vestre side av h. Guldsmed Helstrøms eiendom." Jordal fekk løyve til å byggja. (Ole Th. Ohm kjøpte litt seinare Helstrøms hus på hjørnet Eitrheimsvegen / Røldalsvegen). Trappa på høgre side i motivet høyrer til "Grindheimshuset" og bakanfor ser vi sørfasaden av Torstensenhuset (Eitrheimsvegen 6). Jamfør til dømes med foto I-03566 for å sjå heile "bybildet" på slutten av 1890-åra.
Anna Jordal var medprodusent og organisator då dronning Maud fekk hardangerdrakt med skaut under kongebesøket i Odda i juli 1906 (les meir under biografi for Anna Jordal og på Nasjonalmuseet sin presentasjon av drakta). Dei utstilte draktene på fotoet ser ut for å vera drakter frå fleire område i Hardanger, ikkje berre Sørfjorden. Hardangerbunadar for kvinner og jenter vart ofte kalla "nasjonaldrakter" eller berre "nasjonalar".
Anna Jordals Drakthandelen vart avvikla før 1914, men huset der drakthandelen var, fekk ny bruk og sto fram til LL Reisæter reiv to hus og bygde nytt i krysset Røldalsvegen Eitrheimsvegen i 1956. (Jfr foto I-03483 frå 1952). Huset bortanfor drakthandelen er eigedomen Bustetun, bruk nr 9, eigd av Mons Vik frå 1902. (Adresse er Eitrheimsvegen 5.) Vik reiv dette og bygde nytt i 1913.
-
Fotografering - 1911 (Eli O. Aga fortel i Band 110 at ho var 16 år på fotoet. )
-
Classification
References
License information
Metadata
- Identifier I-02815
- Part of collection Kraftmuseet - Norsk vasskraft- og industristadmuseum
- Owner of collection Hordaland
- Institution Kraftmuseet
- Date published March 18, 2014
- Date updated February 6, 2024
- DIMU-CODE 011012857574
- UUID eafd20e4-9571-484c-a43a-ff9097bf3385
- Tags
1 comment
Tone Bøyum, October 6, 2017
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».