På baksida, austsida, av Odda Meieri var det mottak for mjølkebilane. Her var ein overbygd rampe for mottak av mjølkespann med meir. Meieriet sine kontor låg i fløyen til venstre. ...
På baksida, austsida, av Odda Meieri var det mottak for mjølkebilane. Her var ein overbygd rampe for mottak av mjølkespann med meir. Meieriet sine kontor låg i fløyen til venstre. Oppkøyringa frå Tyssedalsvegen til Meieriet var langs sørsida. Frukthagen, dels nyplanta i framgrunnen, høyrde til Ragde-garden.
Odda Meieri vart skipa 22. januar 1904 av femten gardbrukarar frå Odda. Det første bygget var eit hus på vestsida av elva på Hjøllo, sør for brua. I 1917 flytta meieriet ned i sentrum, i R-H-veg 26 i det som i dag er gågata. Meieriet ekspanderte med utsal fleire stader, og kjøpte i 1948 ei tomt av Ivar Ragde, der det meieriet vi kjenner i dag vart bygd i 1950, teke i bruk 1951. Arkitektar var Ivar Grev og Einar Rambek frå Oslo. Meieriet vart nedlagt i 1987-1988, og bygd om til ungdoms- og kulturføremål.
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».