History
-
Banken hadde sine lokale mot nord og vest, og det var også plass til telegrafstasjon og telefonsentral i bygget. Dei øvre etasjane var bygd om til leilegheiter, der banksjefen sjølv budde i den største. Delar av denne vart seinare gjort om til kontorer for fondsavdelinga. Axel Jacobsen var banksjef fram til 1920, då han vart avløyst av Sverre Andersen frå Kristiania. Andersen var banksjef til 1922. Bankhjørna vart på folkemunne kalla "Det glade hjørna", då dette var ein fast samlingsplass der folk stod og skravla og skratta til langt på natt. Banken måtte halda ope for kundane då dampbåten kom, anten det var middag eller midnatt. Då Tyssedalsvegen vart opna, blei krysset ved bankhjørna døypt om til "det farlege hjørna", då bilar kom susande ned Røldalsvegen (i dag gågata) ofta kolliderte med bilar som kom frå Tyssedal. Kreditbanken gjekk i likvidasjon i 1931, og bygget vart kjøpt av Christian Gulbrandsen og gjort om til fleire leilegheiter og butikklokale. Her kom Rita sitt bakeri, som skulle gje huset namnet Ritabygget. I 1978 vart bygget rive, og det såkalla Espelandshuset bygd.
Banksjef Andersen døydde på Frelsesarmeen sin pleieheim på Hadeland i 1973, etter å ha budd på eit sjømannshospits i Oslo eit år. Det viste seg at han var millionær då han døydde. (Avisa Hardanger 10.10.1972).
Eierskap
Classification
License information
Metadata
- IdentifierI-03345
- Part of collectionKraftmuseet - Norsk vasskraft- og industristadmuseum
- Owner of collectionHordaland
- InstitutionKraftmuseet
- Date publishedMarch 18, 2014
- Date updatedSeptember 29, 2023
- DIMU-CODE011012858484
- UUIDfea71927-5e5b-473f-87cb-90a9753e8d20
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».