History
-
Turisttrafikken til Hardanger fekk sitt verkelege oppsving då DS Vøringen kom i rute mellom Bergen og Odda den 27. juni 1861, med Helge Aga som styrmann. Båten var kjøpt i England av skipsbyggar og båteigar Annanias Dekke. I vintermånadane gjekk "Vøringen" frå Bergen annan kvar måndags morgon, og var attende i Bergen torsdags kveld. I 1862 gjekk han to gonger i veka mellom juli og august i turisttida. Denne ruta held fram til 1871, då skipet vart seld til eit rederi i Arendal. Direktør for HSD, Christian Michelsen, såg at ein stod framfor ei ny tid der det var behov for meir luksus på dampskipa i den voksande turisttrafikken. Han fekk bygd eit nytt skip med same namn i 1891. Det var bygd på Bergensverftet Laxevåg Maskin & Jernskibsbyggeri A/S for HSD, og første kaptein var Helge Aga. Skipet hadde ein 40 fot lang matsal i duse toner med brune veggpanel og brun plysj. Her kunne 56 passasjerar serverast samstundes. Damesalongen hadde blått brokadetrekk på sofaene. Skipet hadde i alt køyeplass til 78 passasjerar på 1. klasse. På 3. klasse var det "under Bakken en stor, lys, rummelig, smukt udstyret Salon med Køiepladse for 28 Passagerer og Siddepladse for en Uendelighed, og saa hygglig og smukt at det var en ren Fornøielse at se. Ingen av vaare Fjordbaade kan opvise saa udmærkede Bekvemmeligheder for 3die Plads".
Den første ruteturen til Hardanger gjekk 9. juni 1891. Det vart ei triumsfferd med salutt og flagging, festkledde folk og fullpakka brygger. Båten gjekk med overskot, men sokk ved kai i Bergen i 1894 då ein open sideventil kom under vatn. Båten vart henta opp att og reparert, men det tok si tid. I 1912 gjekk skipet på grunn i Ålholmsundet ved Ølve og sokk etter å ha fått passasjerar og last på land. Nok ein gong vart det investert i berging og istandsetting. Under andre verdskrigen vart skipet teke "in Anspruch" (konfiskert) av okkupasjonsmakta og misbruka under heile krigen. På seinsommaren 1945 var skipet i HSD si teneste att. Skipet vart teke ut av fart i november 1951, og sendt til opphogging i Belgia i mai same året.D/S Hardangerfjord var bygd i Newcastle i 1868. Ombygd i 1905 og seld til HSD i 1913, som hadde båten i rutetrafikk til 1949, berre overteke av okkupasjonsmakta under andre verdskrigen frå 1940-1945.
Fotografering: 1938
Eierskap
Classification
-
- Topografi og geologi (Outline)OU 133
- Boliger (Outline)OU 342
- Båter og fartøyer (Outline)OU 501
- Havnevesen (Outline)OU 504
License information
Metadata
- IdentifierI-03400
- Part of collectionKraftmuseet - Norsk vasskraft- og industristadmuseum
- Owner of collectionHordaland
- InstitutionKraftmuseet
- Date publishedMarch 18, 2014
- Date updatedSeptember 29, 2023
- DIMU-CODE011012858580
- UUIDc3235caf-a65c-440d-a6b4-ba5da1e04bc1
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».