History
-
- For å frakte material til vasskraftutbygginga i Tyssedalsfjellet, var hestetransport einaste moglegheit. Det var ikkje enkelt å få tak i nok hestar til arbeidet, men etter mykje strev fekk Tyssefaldene tak i to hestar frå Eidfjord, ti frå Telemark, fem frå Voss og Sogn, og to dei eigde sjølv. For å korta ned vegen for folk og hest, bygde dei to bruer over Tyssestrengene. Dette korta inn turen på heile 22 km. Mellom Gryteskar og Nybu vart det sett opp ein stall til hestane, men likevel var det ikkje alle som tålte det tøffe vinterklimaet i fjellet. Arbeidsdagane var på 16-18 timar både for hest og mann, der begge bar kløv på ryggen. Steinsprang og snø kunne vera ei viss fare, men det som skapte dei største hindringane var is. I det fuktige fjellet hang det tonnavis av is som raste når det var mildver. Ein kunne få det over seg, men farlegast var det når hestene vart skremde. Dette kunne få katastrofale følger. Med øks hogg transportfolka trinn til seg sjølve og hestane, og dei måtte bruka tau og talje for å holda sleden på plass. Svikta dette, eller feilvurderte dei forholda, kunne det gå utfor med både hest og slede.
-
Eierskap
Classification
-
- Klima (Outline) OU 132
- Transport ved hjelp av dyr (Outline) OU 492
License information
Metadata
- Identifier I-04514
- Part of collection Kraftmuseet - Norsk vasskraft- og industristadmuseum
- Owner of collection Hordaland
- Institution Kraftmuseet
- Date published March 18, 2014
- Date updated September 29, 2023
- DIMU-CODE 011012861554
- UUID 81878714-0d16-4b77-9835-f9e0b7969271
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».