History
-
Ringedalsdammen er 521 meter lang og 33 meter høg. Breidden er 4 meter ved damkrona og 21.5 meter ved foten. Magasinkapasiteten er 407 mill. m3, der 202 mill.m3 er oppdemma. Dammen står imot 490m³. Demningen blei oppførd i Ragnvald Blakstad (1866-1929) si tid som generaldirektør for A/S Tyssefaldene frå 1910 til 1923.
Den er bygd i handmeisla granitt, og er den største demningen av sitt slag i Norge. Første byggetrinn er det bruka granitt lagt i sementmørtel. I neste byggetrinn er den indre delen av betong og stein, med den største betongmassen mot vatnet. Inne i dei nedre og bakre delane er det store granittblokker lagt i betong. Inne i dammen er det ein langsgåande inspeksjonskanal. Det oppsto tidvis lekkasjar, og i 1929-31 blei det støypt ei jernbetongplate på vatnsida. Tyssedal var igjen ute med ei teknisk nyvinning; støypeteknikken Chr. F. Grøner brukte, vakte oppsikt. Grøner fekk tildelt Sam Eyde sin ærespris for framifrå ingeniørarbeid i 1934.Fotografering: September 29, 1917 (Står på bilete)
Eierskap
Classification
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierI-TYU-100
- Part of collectionKraftmuseet - Norsk vasskraft- og industristadmuseum
- Owner of collectionHordaland
- InstitutionKraftmuseet
- Date publishedMarch 18, 2014
- Date updatedSeptember 29, 2023
- DIMU-CODE011012876239
- UUID0ded7b7b-5dd8-431e-b589-720bf460d869
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».