History
-
Vi ser husa 15, 16 ,17 og 18 og grunnmuren av 19. I bakgrunn ser ein Odda med røyk frå Odda Smelteverk. Industrireisinga i Odda og Tyssedal gjorde at det på relativt kort tid var stor tilflytting. I byrjinga sette bedriftene opp bustadbrakker, noko som ikkje var ei god løysing i lengda, korkje for arbeidarane og familiane deira, eller for bedriftene. Det var dei som meinte at om ein samla for mange arbeidarar på ein stad, kunne dette føra til uheldig kravmentalitet. Då var det betre at dei hadde eigne hus med hagar, slik at interessa for politisk organisering vart mindre.
Det var direktør Albert Petersson ved Odda-fabrikkane sin ide å etablera Egne hjem i Odda. I 1911 opna forretningsmannen Sverre Bredal for husbygging på Tveite i Odda - det som i dag er kjend som Egne Hjem. Omgrepet Egne hjem vart kjend i Norge i 1902. I Sverige hadde "Egnahemrörelsen" etablert seg på slutten av 1800-talet. Dei første husa i Norge etter Egne hjem-prinsippet vart bygd i Bærum, med oppstart i 1900. Ein typisk Egne hjem-bustad kan beskrivast som eit lite hus med eit tilhøyrande jordstykke av ein slik storleik at det kunne brukast til å dyrka hagevekster og jordbruksprodukt til arbeidarfamilien sin eigen bruk. Huset skulle liggja i landlege omgjevnader, og ikkje vera større enn at ein arbeidarfamilie ville ha råd til å eiga det. Husbygginga på Tveite vart sett i gang i 1912, og var ferdig i 1916. I 1927 vart det bygd fleire hus med fire leilegheiter på to eller tre rom og kjøken. Berre eit fåtal av husa på Egne Hjem var privateigde. I 1924 vart eigedomsselskapet overteke av A/S Odda nye Eiendomskompani under AS Tyssefaldene. Frå same tid disponerte Det Norske Zinkkompani A/S eigedomane på Egne Hjem. Frå 1981 til 1988 selde Norzink alle husa sine til private. Først etter denne tid kan bustadfeltet på Tveite bera namnet sitt med rette.
Fotografering: 1927 (10 mai)
- FotografLubowidzky, Nathalie Giulianova (1876 - 1956)
- HistoryFødt i Hviterussland, avstammet fra Polsk-Russisk adel. Snakket flytende engelsk, fransk og tysk i tillegg til russisk. Selskapsdame for baronesse Olga Julioff i Boris Gleb, senere i Berlevåg. Emigrerte til Amerika 12. mars 1918. Kom tilbake til Norge og Odda i 1920 (folketelling 1920 for 1228 Odda herred). Flyttet til Østerrike i 1930, til Kenya under 2. verdenskrig, der hun døde i 1956, 80 år gammel.
- Professionfotograf
- Alternative namesLjubowniskaya Lubowidsky
- GenderKvinne
- DigitaltMuseumSearch in «Lubowidzky, Nathalie Giulianova»
Classification
References
-
- LitteraturreferanserFabrikkbyane i Hardanger Eva Røyrane si bok om Husa i industrilandskapet.
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierI-Z0280
- Part of collectionKraftmuseet - Norsk vasskraft- og industristadmuseum
- Owner of collectionHordaland
- InstitutionKraftmuseet
- Date publishedMarch 18, 2014
- Date updatedSeptember 29, 2023
- DIMU-CODE011012876813
- UUID995312ff-a31e-4804-bf87-34fd8b43f164
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».