History
-
Fotografering: 1949 - 1950 (CA)
- ProdusentJohnson, Erling B. (1883 - 1967)antatt
- History
Ingeniør og sjefskjemiker ved Odda Smelteverk. Johnson var fødd i Oslo i 1893 og døydde i Odda i 1967. Han var utdanna kjemiingeniør, med eksamen frå Kristiania Tekniske Skole i 1913 og amanuensis ved kjemisk institutt ved Norges Landbrukshøgskule frå 1913-16, der han var assistent for professor Sebelien. Arbeidet dreide seg om gjødningsspørsmål. Johnson var forsøkskjemikar ved North Western Cyanamide Company i Odda frå 1916 til 1921, og var med i Statens Råstoffkomite i 1921. Kjemisk og teknisk leiar for malingsfabrikken A/S Monopol på Askøy, og ved Jakobsens fabrikker A/S i Oslo frå 1921-24.
I 1925 kom Erling B. Johnson attende til Odda og vart sjefskjemikar ved Odda Smelteverk A/S. Han vart verande ved verksemda til han gjekk av med pensjon i 1963. Fungerte i mange år også som kontrollør av råstoffer som kom til Zinken.Han har var ein mykje brukt fotograf ved Smelteverket. Forska og tok ut fleire patentar.
Sjefskjemikar Erling B. Johnson fekk Norsk Kjemisk Selskaps Guldberg-Waage-medalje i mars 1964 for sin innsats innan "anvendt kjemi". Medalja vart overrekt i Universitetets aula i Oslo. Han var ein av to kandidatar som fekk denne medalja då ho vart utdelt for første gong. (Kjelde: avisa Hardanger den 14. mars 1964.)
Det vart bygd eit eige forsøksanlegg ved Odda Smelteverk der det vart utvikla ei rekkje nye patentar knytt til prosessen fram til 1930. Han vart likevel ikkje brukt i produksjonen ved Smelteverket. Norsk Hydro var den einaste aktuelle gjødselprodusenteten som kunne nytta metoden. I 1930 fekk Norsk Hydro høve til å studera denne, inkludert Johnson sine forsøksprotokollar. Det vart innleia forhandlingar om å lisensiera prosessen. I desse forhandlingane kravde Norsk Hydro å få overdrege lisensrettane som galdt i utlandet, noko leiinga i Odda ikkje kunne godta. Samstundes med forhandlingane vart det satt i gang forsøk på Hydro sitt laboratorium på Rjukan, der ein systematisk arbeidde for å omgå Johnson sine patentar. I november 1931 søkte Olaf Jensen og Hydro om å få patent på ein liknande NKP-prosess som omfatta tilsetjing av ammoniumnitrat som danna eit dobbeltsalt.
Oddaprosessen hadde også tilrådd tilsetjing av ammoniumnitrat i prosessen, men ikkje forklart sjølve skapinga av dobbelsaltet. I 1934 vart Hydro sin patentsøknad først godkjend, men etter ein klage frå Odda Smelteverk vart Norsk Hydro nekta patent i 1935. Trass i dette starta Hydro produksjon av Fullgjødsel utan lisens ved ein forsøksfabrikk på Herøya i 1936, og ved fullgjødselfabrikken som starta opp i 1938.Hausten 1945 stemna Odda Smelteverk og Erling Johnson Norsk Hydro for retten for patentinngrep. Saka vart forlikt i 1947 ved at Hydro betalte Odda 175 000 kr (ca. 3-4 millioner i dag) og ei semje om ein 10-årig samarbeidsavtale om å utnytta begge partar sine patentar og røynsler med fullgjødsel.
I 1951 gjekk òg Norsk Hydro sin fullgjødselfabrikk over til å bruka den umodifiserte Oddaprosessen. I 1955 fekk Erling Johnson Norsk Hydro sin ærespris for arbeidet med Oddaprosessen.
Oddaprosessen ut i verda
Oddaprosessen vart først lisensiert internasjonalt til Bmag-Meguin AG i 1934, og IG-Farben i 1938. BASF, Hoechst og Staatsmijnen lisensierte òg prosessen. Føretaka brukte den, introduserte endringar og lisensierte dei vidare til andre føretak. Fleire internasjonale firma brukar Oddaprosessen i dag.
Oddaprosessen er ein kjemisk prosess for industriell produksjon av tresidig kunstgjødsel basert på svovelsyra med delkomponentane nitrogen, fosfor og kalium. Oddaprosessen gjorde det mogleg å framstilla eit salgbart biprodukt av nitrat-delen i form av kalsium-nitrat (kalksalpeter), som òg kunne brukast til jordbruksføremål. Kalsium-nitrat er m.a. godt egna til gjødsling der det er lite vatn.Kjelder: Kraftmuseet arkiv,
Wikipedia,
Kappestrid - en idrettssaga,
Odda i manns minne nr. 19 - ProfessionIngeniør, Odda Smelteverk
- GenderMann
- DigitaltMuseumSearch in «Johnson, Erling B.»
- History
Eierskap
Classification
-
- Metallurgi (Outline)OU 325
- Bebyggelsesmønster (Outline)OU 361
References
-
- ArkivreferanseOLA 154 Ub: 1(18)
License information
- License Copyright
Metadata
- Identifier i-os0400
- Part of collection Kraftmuseet - Norsk vasskraft- og industristadmuseum
- Owner of collection Hordaland
- Institution Kraftmuseet
- Date published March 18, 2014
- Date updated March 25, 2025
- DIMU-CODE 011012891309
- UUID 5953fb20-82c5-4463-bc11-94f3f8557dbe
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».