• Artikkelen under er henta frå Hallingdølen, 2.5.1992:
Bjøberg i Hemsedal som ligg ei lita halvmil frå fylkesgrensa mellom Buskerud og Sogn og Fjordane, var opprinneleg støl under garden Bjørnebergstølen i Lio. Men først på 1800-talet vart det fast busetnad på Bjøberg, den første ein kar frå Ålsgjeld, Knut S. Anfinset. Han budde på Bjøberg i 9-10 år, til 1811, då han fekk auksjonsskøyte på garden Anfinset i Hovet.
Etter Anfinseten var Knut Lisleien frå Leveld eigar. Han omkom under reinsjakt, berre 32 år gamal, og ny eigar frå 1820 vart Eirik Knutson Torsteinsrud, også han levelding. Denne Eirik bygde nye hus på Bjøberg, og innretta dei slik at han kunne ta mot reisande. Men det vart ikkje den store reisetrafikken over Hemsedalsfjellet på 1820-30-talet
Sonen Knut tok over garden rundt 1840, og Knut var ein framsynt mann. Då vegen over Hemsedalsfjellet var ferdig i 1844, vart det straks skysstasjon og postskifte i Bjøbergo, med rute nedover til Tuv og nordover åt Breistøle med post, til Hegg i Borgund med skyss. Knut bygde nye tidfhøvlege hus (biletet), der alle husa var bygde i ei lengd slik at ein ikkje trong gå utanomhus i vinterstormane.
Hans Flaten skriv om Knut:"Hver vinter reiste han til Drammen og Kristiania. Hadde foretrede for statsråd og amtmenn. Var behendig til å forelegge sine saker. Hadde betaling for skysstasjonen, for fjellstuen, for posten, for vedlikeholdet av veien Tuv- Eldrehaug." Og vidare skriv Flaten:" I jobbetiden i 1870-årene tjente han særlig godt. Skaffet sig mangfe eiendommer, bl.a. hadde han halvdelen av kirken. Hadde flere kommunale hverv: forlikskommisær, valgmann m.m. Hadde lett for å snakke og lett for å gjøre seg gjeldende blant folk. Godgjørende, men passet også sine ting, selv de minste, og blev en meget rik mann."
Og Anders Mehlum karakteriserte Knut på denne måten: "Den som skulle lure ham, måtte ha gjort et puss før, han var ikke nettop for nybegynner i faget, for han var slu."
Like før hundreårsskiftet tok sonen Eirik over fjelleigendomen Bjøberg.. I hans styringstid minka den store trafikken i Bjøbergo. Mesteparten av posten over fjellet gjekk no om Valdres, og etter at Bergensbanen kom i drift i 1909 minka også reisetrafikken.
    Photo: Trøgaton, Torbjørn / Hemsedal Bygdearkiv

Artikkelen under er henta frå Hallingdølen, 2.5.1992: Bjøberg i Hemsedal som ligg ei lita halvmil frå fylkesgrensa mellom Buskerud og Sogn og Fjordane, var opprinneleg støl under g...

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to