• Olav Flaget har m.a. skrive dette om biletet, dagsett 7.desember 1999:
"Dette biletet er teke i samband med 100 års jubileet for sundagsskulen i landet vårt. Slik eg har forstått det, så vart sundagsskulearbeidet starta opp i Stavanger i året 1844. Eg trur at dette biletet er teke om hausten 1944. Om hausten går sola noko lågare frå aust mot sør og vest utover dagen. Det går klårt fram av biletet at mange har vanskar med å sjå direkte på sola når biletet vart teke. Dette er noko eg ser aller best på meg sjølv."

Både Narve Jordheim og Herbrand Sjåheim har "lusekufte" på seg under dressjakka, og mange andre har kufter eller gensarar av ull på seg. Dette ser vi også på ullsokkar som nokre av jentene har på seg, og andre har heimestrikka fine kjolar. Difor trur eg at biletet er teke noko ut på hausten. På baksida av sundagsskulebiletet mitt, står det skrive med blyant: "1944".

Alle ser vi at vi er "oppstilt" på trappa ved hovudinngangen til den gamle Trøym skule som vart bygd i 1938. Etter mitt syn er dette ei stor og god samling. Her er det berre solide og trivelege hemsedøler. Nokre få av dei  er diverre gått bort svært tidleg, men dei aller fleste er i full sving på alle vis.

Det var stor oppslutning om sundagsskulen i Hemsedal før, under og etter andre verdskrigen, og dette kan vi sjølvsagt takka dei dyktige og kunnskapsrike "lærarane våre" for."

Sebjørg Jordeheim skriv elles om dette biletet:
"Nokre tidlegare sundagsskulemedlemar meinte at dette biletet var teke på eit sundagsskulestemne for heile Hallingdal som vart arrangert her i Hemsedal om våren. Dei trudde, ca. 1942.". 
Sikre kjelder kan elles opplysa om at Sundagsskuleforbundet høgtida hunderårsjubileum i 1989, dvs. at det starta i 1889. Men den fyrste sundagsskulen, slik me kjenner den i dag, kom i faste former i Stavanger 10. mars 1884. Det hadde då vore sundagsskule fleire andre stader i landet så langt attende som i 1750.

Ein kan elles opplysa at alle personane på biletet er identifiserte. Desse opplysningane kan ein få ved å venda seg til Hemsedal Bygdearkiv.
    Photo: Ukjend / Hemsedal Bygdearkiv

Olav Flaget har m.a. skrive dette om biletet, dagsett 7.desember 1999: "Dette biletet er teke i samband med 100 års jubileet for sundagsskulen i landet vårt. Slik eg har forstått d...

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to