Photographer
History
-
Dette er en av flere gjenstander fra samme giver/selger. Aslak Harstveit, Åmli, Aust-Agder, var blant annet kjent for å drive fangst, og noen av gjenstandene har vært tilknyttet slik virksomhet, deriblant fellene SJF.03617, SJF.03856, SJF.03858 og SJF.05512.
Denne fella har tilhørt Olav Vatne, Vegusdal, Birkenes, Augst-Agder.
Bruk
- BruksstedNorge Aust-Agder Birkenes Vegusdal
Eierskap
- Tidligere eierVatne, Olav (1918 - 1981)antatt sikker
- Adresse,Norge Aust-Agder Birkenes Vegusdal
- Other informationDet antas at dette er Olav Johnson Vatne (1918-1981) fra Vatne, gnr. 17, bnr. 3, Vegusdal, Birkeland, Aust-Agder. (ESA, 31.10.2023)
- DigitaltMuseumSearch in «Vatne, Olav»
Aksesjon: 1978
- Giver/siste eierHarstveit, Aslak (1913 - 2000)
- History
Aslak Harsveit var Norsk Skogbruksmuseums kontaktmann i Åmli og har bistått museet med opplysninger og gjenstander fra kommunen.
Minneord i sin helhet:
Mosberg, Nils (2000): "Beverkongen er død", i Agderposten, 06.10.2000, s. 2:
"Åmli: Det er ikkje mange som blir legendariske medan dei enno er sprell levande, opplev å bli omtalt i fleire bøker og får eit heilt museum bygd opp etter seg. Dette skjedde med Aslak Harstveit, eller beverkongen, som han berre ble kalla. No er Aslak død.
Alle som er interessert i jakt og fangst på Agder kjjente til Aslak Harstveit. Mange var hans personlege vener. Dei valfarta til heimen hans på Flaten for å lytte og lære. Aslag var ualminneleg flink til å fortelje og dele røynslene med andre. Som den siste attlevande profesjonelle fangstmannen på Agder, var Aslak ei uuttømmeleg skattekiste av kunnskap om alt som rørar seg i naturen. No er denne skattekista lukka for alltid.
Aslak vart fødd på Harstveit i Gjøvdal i 1913. Han var den yngste av ti syskjen. Aslak voks opp ei ei bygd der jakt og fangst utgjorde ein viktig del av livsgrunnlaget. Sjølv byrja han å fange vilt i skogen berre 10-12 år gamal. I 1959 tok han over eit gårdsbruk på Flaten som nokre onklar tidlegare hadde kjøpt. Det var her han budde resten av livet. Noko vanleg tradisjonell gårdsdrift var det ikke tale om. Nei, mykje av 'bodskapen' var ville dyr som han hadde til foring. På gardstunet til Aslak Harstveit kunne ein finne både bever, grevling og rev, i tillegg til bikkjer, bier og kaniner. Han dreiv også med kalking av vatn og satte ut aure og bekkerøye.
Men det var i fyrste rekkje jakt og fangst som blei levebrødet til Aslak Harstveit.
Han blei særleg kjend for fangsten av fleire hundre bevere. Han utnytta både kjøtet og skinnet.
I 1979 fekk Aslak Norges Jeger- og Fiskerforbund sin Viltstellpris, for arbeidet med å fange levande bever, som blei sendt til stader der det ikke lenger var slike dyr. Resultatet er at ein no kan dra til Sveits for å sjå vaskekte 'Aslak-bevarar'. Han arrangerte også kurs i fangst og utnytting av pelsvilt.
Det var etter dette at Aslak Harstveit fekk tilnamnet 'beverkongen'. Forfattaren Andreas Vevstad fortel i biografien 'Fangstminne', at Aslak ikkje hadde noko imot denne tittelen:
- Dersom Lars Saga er ulvegeneral, så kan vel eg vere beverkonge, svarte han med eit lurt glimt i augekroken.
Aslak Harstveit var også ein ivrig samlar og handelsmann. Han bygde opp ei imponerande knivsamling, og fekk ta i store mengder feller, sakser og andre fangstreiskaper, i tillegg til ei mengde utstoppa dyr og fuglar. Alt dette kan ein no sjå på Elvarheim Museum, som blei bygd opp av lokale entusiastar mot slutten av 80-talet. Museet har fom av 'ei rundreise' i den fantastiske dyreverda til Aslak Harstveit.
- Ein må kjenne naturen for å kunne nyte han. Du må sjølv ta deg tid til å oppleve den rikdomen me har i skogane og heiane våre. Eg har brukt eit langt liv på å søke kunnskap om alt som rørar seg ute i naturen, for å gjere meg i stand til å hauste. Slik vart eg fangstmann.
Med desse orda blir publikum ønskja velkomen til Elvarheim Museum. Desse orda kan også stå som eit minnesmerke over livet til en av de mest fargesprakande personlegdomene som har levd i Åmli i nyare tid.
Sviktande helse første til at Aslak Hartveit (sic) måtte halda seg i ro dei siste åra. Han skulle så gjerne ut i skogen, men beina svikta. Likevel satta han spor setter seg heilt til det siste. For nokre få år sidan var Aslak Harstveit til dømes på engelsk TV, der han fortalde om beverfangst.
- I møtet med Aslak er ikkje orda den største opplevinga. Det er den sanselege gleda og dei livfulla augo som overtyder oss velferdsmenneske om at me er i ferd med å gå glipp av noko fundamentalt, skreiv Anne Tone Aanby og Olaf N. Oland i 88-utgåva av 'Jol i Åmli'.
Alle oss som hadde gleda av å treffe det uvanleg fine menneske, fangstmannen og naturelskaren Aslak Harstveit ved ulike høve opp gjennom åra, vil kjenne eit djupn sakn."
- Adresse,Norge Aust-Agder Åmli Selåsvatn Flaten Austre Vimme (Austigard), Flaten 274 gnr/bnr 51/4
- GenderMann
- NationalityNorsk
- DigitaltMuseumSearch in «Harstveit, Aslak»
- History
Fotografering: 1978
Fotografering: April 21, 2015
- FotografLøken, Bård (1964)sikker
Classification
References
- Fotoreferanser01884-06 Fotoreferanser01884-07 Fotoreferanser1884-7
License information
- License Attribution-NoDerivs (CC BY-ND)
Metadata
- IdentifierSJF.05512
- Part of collectionAnno Norsk skogmuseum
- Owner of collectionStiftelsen Norsk Skogmuseum
- InstitutionAnno Norsk skogmuseum
- Date publishedMarch 17, 2014
- Date updatedApril 9, 2024
- DIMU-CODE011022727260
- UUID2207f650-cae9-437e-89f7-9b5d0736988b
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».