I 1988 skrev Knut Lied følgende lille artikkel om Andreas Olavius Nilssen Hatlelid, som antas å ha vært mester for denne kniven, i Norsk Knivforenings medlemsblad «Knivbladet» (2/88, side 47-48):
«Olavius-kniven.
Olavius. I kyrkjeboka står at knivmakar Andreas Olavius Nilsen Hatlelid var fødd i 1860 i Førde i Sunnfjord. Det vert fortalt at i unge år gjorde han det av med rivalen sin i eit trekantdrama. For dette sat han i fengsel i Bergen. Han hadde såleis gjort opp for ugjerninga si.
Då han kom til Volda rundt hundreårsskiftet (1900), brukte han namnet Olavius Nilsen.
Olavius var ein svartmuska kar som heldt seg mykje for seg sjølv. Dei som kjende han, seier han var omgjengeleg og snill. For å skøyte på levemåten dreiv Olavius litt med jakt og fiske. Det var mest orre og hare han skaut. Laks og aure fiska han i Storelva som rann tett forbi stova hans. Dei som fiska saman med Olavius, fortel at han var snar å overlate plassen sin til andre, og nemner han som ein «gentleman». Hølen bortafor stova hans kalla dei Olaviushølen.
Olavius hadde Tomasine Nossen (f. 1859) frå Ellingplassen på Rotset til å stelle for seg. På sine eldre dagar vart Tomasine blind og måtte på aldersheim. Det har nok etter kvart vorte tungt for Olavius å leve, for den 5. september 1927 retta han hagleløpet mot seg sjølv og trykte av med stortåa. Ein som hadde sakna Olavius ei tid og var avstad og skulle sjå etter han, fann han då avliden.
Dei eiendelane Olavius etterlet seg, vart seinare selde på auksjon. Mellom alt som vart selt, var også knivtilfang, verktyet og nokre ferdige knivar som vart godt betalt. Det er alt som talar for at slipesteinen til Olavius stend på Volda bygdetun på Haueleitet.
I Voldaminne for 1985 finn du meir å lese om knivmakaren Olavius Nilsen Hatlelid.
Tollekniven har gjennom alle tider vore ein høgt skatta reiskap. Ein god og fin kniv var meir enn gull verdt. Det vert fortalt at når det kom gutar til gards og spurde etter drengeplass, spurde husbonden om å få sjå tollekniven. Var denne kvass, var drengeplassen sikra.
Tidlegera var det vanleg å smi og lage knivar rundt om på bygdene. Knivane fekk då oftast namn etter den som laga dei. I Volda var det Olavius-kniven som hadde best ry. Det var ein god brukskniv, som også var fint forma med utskjeringar både på skaft og slire. Ingen kniv kan måle seg med Olavius-kniven mellom eldre voldingar. Bladet til Olavius-kniven var laga av 3 lags stål. Hardt stål i midten og blautt stål i sidene. Dette gjorde at kniven fekk godt bit og var ikkje så lett å bryte av.
Olavius stod under ei stor gran når han smidde knivblada sine. På grunn av stor spurnad etter knivane, måtte Olavius kjøpe knivblad frå andre smedar. Det meste av desse blada fekk han frå Hornindal og Sunnfjord. Smedane frå Hornindal kom med bører av ljå, navrar og knivar over fjellet Kviven til Volda for å selje varene sine.
Dei fleste blada har ikkje stempel, men eit er stempla KVKIS, eit anne OR.
Skaftet var til vanleg laga av rikkabjørk. Men han nytta også reinshorn og til dels kvalrosstann, særleg då på stasknivar. På desse skafta vart nytta gjennomgåande tange, og holkar i båe endar. I treskafta vart tangen, som var ca. 60 mm lang, drive inn. På dei rette skafta vart nytta nysylvholkar i båe endane. Holken nede var berre ein ca. 10 mm breid ring. Holken oppe hadde topplate av nysylv som vart skrua fast med ein kopphovudskru.
Enkelte skaft var skråskorne oppe og har påskrua ei ca. 3 mm tjukk plate av bein. Ca. 5 mm frå holkane har skafta ei 8 mm breid utskåra tungerand. Treskafta er innsette med linolje. Slira var helst laga av geitehorn. Horna vart varma opp, og ein dor vart driven inn for å få rette forma.
Slira hadde eit fint forma beslag av nysylv utan gravering. Beslaga hadde forskjellig utforming. Enkelte slirer hadde berre ring oppe, medan andre også hadde slireband, sideskinner og doppsko. Avslutninga nede på denne er laga av ein 10 mm breid strimmel av nysylv som er benda rundt doppskoen. Ringen vart fila til med eit spor 1 mm frå øvre kant. Holet nede vart tetta med ein bit messingbolt som vart fila til. Beslaga vart klinka til slira med nysylvnaglar.
På ringen oppe var pålodda eit hengsle med ein bøyel i. Til denne var beltestroppa, som hadde forskjellig utforming, festa.
Olavius laga og slirer av kvalbein. Desse laga han av to halvdelar som han klinka saman. Når ishavsfolka kom heim med kvalrosstenner, fekk dei Olivius til å lage seg svært fine knivstell av desse.
Dei aller fleste slirene Olavius laga, hadde ein særegen fin utskjæring i form av eit bladmønster. Sjølv om ikkje to knivar er like, er den særeigne utskjeringa på slira og tungeskjeringa på skaftet eit godt kjenneteikn på ein Olavius-kniv. At Olavius-kniven vart høgt verdsett, syner det store talet av slike knivar og slirer som ennå finnst, 60 år etter at siste kniven vart laga.
Det er fleire som har laga liknande knivar som Olavius laga. Kan desse vere typiske knivar for Sunnmøre? Er det nokon frå Sunnmøre som kan fortelje om knivtradsjonane frå deira heimstad?»
I 1993 fulgte Arild Sætre opp Knut Lieds arbeid med biografien til Olavius Hatlelid med følgende artikkel i Knivbladet (3/93):
«Olavius knivmakar
Han skulle ha drepe nokon. Det skjedde visstnok langt oppe på fjellet på Voss. Olavius hadde tatt denne karen av dage fordi han la seg etter kjæresten hans. Det var ingen vitne då det skjedde, men Olavius fekk truleg fleire års fengsel. Etter å ha sona dommen rømde han for å kome unna skamma og bygdesnakket. Det var difor han kom til Volda.
Slike rykte var det som dukka opp då knivmakaren Olavius Nilsen Hatlelid kom til Volda rundt århundreskiftet. Dei vart aldri stadfesta, og har levd heilt fram til i dag, sjølv om Olavius har vore død i over 60 år. Hans tragiske død i 1927 bidrog nok til å halda rykta levande.
Eg fekk historia om Olavius fortald av Knut Lied i Volda, og bestemte meg for å prøve å finne sanninga om Olavius, og så lage eit radioprogram om han. Arbeidet blei mykje vanskelegare og meir tidkrevjande enn eg hadde tenkt, men eg meiner å ha kome så nær sanninga som det let seg gjere – så lang tid etter.
Tragisk slutt
Dei fann Olavius død i senga i det vesle huset hans ved Storelva (Øyraelva) i Volda 5. september 1927. Haglbørsa låg ved sida av. Han hadde trekt av med tåa. Gullik Norheim var med då dei fann han, og fekk i oppdrag frå presten å køyre kista ned til kyrkja. Dette fortalde Gullik meg då eg vitja han på sjukeheimen i Volda, kort tid før han døydde.
Olavius vart gravlagd i utkanten av kyrkjegarden i Volda. Det var ingen arvingar etter han, og stova og alle eignelutane hans vart selde på auksjon 3. oktober same år. Kvifor tok Olavius sitt eige liv? Kva slags hemmeligheit var det denne mannen bar på som plaga han til å gjere slutt på det heile? Slike spørsmål var det nok mange i Volda som sat att med etter at Olavius var borte. Skulle ein no aldri få svar på kvifor han kom til Volda?
Kan rykte ta liv?
Når ein ikkje har sanninga, ja då må ein lage den. Slik kan ein nok seie blei tilfellet i historia om Olavius. Rykta om at han var drapsmann måtte Olavius leve med etter at han kom til Volda. Så sterke var desse rykta at dei vart til hans skriftlege ettermæle. Kunne det tenkjast at det var desse rykta som var årsaka til at han gjorde slutt på det heile? Dersom sanninga var ei heil anna, er ikkje dette utruleg. Og sanninga var ei heilt anna.
Dobbeltgjengar i Bergen
Det einaste som var sant i rykta om Olavius var at han kom frå Voss, og at han hadde vore i Amerika. Eg tok utgangspunkt i at han var fødd i Førde i Sunnfjord. I dødsattesten står det at han heitte Olaus Nilsen Hatlelid, og at han var fødd i 1860. Men i bygdeboka for Askvoll fann eg ein som heitte Andreas Olsen Hatlelid, fødd i 1865. Kunne det vere at dette er han, og at det berre var feil fødselsår?
Etter mange telefonar, og med god hjelp frå statsarkivet i Bergen, kom eg fram til slektningane hans i Bergen. Dei kunne fortelje at Andreas Olaus Hatlelid kom frå garden Hatlelid i Askvoll (gardane Hatlelild og Mandelid ligg nær kvarandre i Askvoll kommune), og kom til Bergen i 1889.
Han blei gift med Nilsine Thomassen frå Bruvik i 1892, livnærte seg som forretningsmann i Bergen og døydde der 15. juni 1933. Dette var i alle fall ikkje same karen som var i Volda. Eg stod på bar bakke igjen, men fleire spor peika no mot Voss.
Rett mann med feil namn?
Ingen lokalhistorikarar på Voss kjende til historia om ein drapsmann som rundt århunderskiftet skal ha rømt til Volda. Heller ikkje dei eldste nolevande personar på Voss kjende denne historia. Dei drap som skjedde i dette området på denne tida hadde tilknytning til bygginga av Bergensbana. Eg undersøkte både jernbaneprotokollane og fengselsprotokollane for området, men her var ingen spor som peika mot nokon med namnet Hatlelid. Derimot var der ein kar som heitte Andreas Olaus Mandelid som ein periode ofte var nemnd i fengselsprotokollane for Voss. Mistanken var fatta. Kunne det rett og slett vere at Olavius i Volda eigentleg heitte Mandelid, men tok namnet Hatlelid då han kom til Volda? Hadde han kanskje så mykje å skjule at han trengde å skifte identitet?
Slektningane på Voss
Telefonkatalogane si liste over personar med namnet Mandelid på Voss er lang. Men omsider kom eg fram til ein kar som kunne gje svar, «Olavius i Volda, det var onkelen min, det» - kunne knivsmed Kornelius Mandelid på Voss fortelje.
Eg tok med bandspelaren min, sette meg i bilen og drog av garde. 87 år gamle Kornelius Mandelid og broren Andreas på Voss tok vel imot meg då eg kom, og dei kunne fortelja historia om onkelen som drog til Volda.
Brennevinssal
Andreas Olaus Mandelid var fødd på garden Mandelid i Askvoll i Sundfjord. Han var nest yngst i ein syskenflokk på fem. Det var tronge kår, og familien hadde ofte lite mat. Så knapt med mat var det at far deira ein gong tok seg til rette og tjuvslakta ein okse som gjekk på beite oppe på fjellet, for å skaffe familien mat. Dette vart oppdaga og faren vart dømt til tre års fengsel. (Her er nok opphavet til ryktet om at Olavius skulle ha begått drap oppe i fjellet).
Mora kunne no ikkje forsørge alle ungane. Dei tre eldste vart sett vekk til slektningar i området, men de to yngste (den eine Olavius) tok ho med seg og drog til Voss. Olavius vaks opp og vart ei stor, staseleg kar.
Det seiest at dei to brørne var atletar som kunne gå på hendene og hadde turnoppvidningar på festar og i bryllaup for å tene nokre slantar til føda. Mangelen på pengar førte til at Olavius måtte ty til «lyssky» aktivitar for å livberge seg. Han selde brennevin ulovleg.
Dette blei oppdaga då han gøymde brennevinet i uthuset til lensmannen på Voss. (Olavius tenkte at dette var siste plassen lensmannen ville leite).
Landsforvist
I fengselsprotokollane for Voss kjem det fram at Olavius fleire gongar sat inne for ulovleg brennevinssal. Han stakk av frå arresten fleire gonger. Ein gong gjekk ein flokk mannfolk manngard for å få ta i han. Då hoppa Olavius fram frå gøymestaden sin, sprang beint fram mot lensmannen og sa så alle mannfolka høyrde det: «Så du tore ikkje kome å hente meg åleine, din spirrevipp!»
Denne episoden førte til at Olavius vart landsforvisdt, fortel Kornelius Mandelid. Olavius drog til Amerika og var der i fleire år. Kva som skjedde der borte veit ingen, men då han kom tilbake, torde han ikkje busette seg på Voss. Han måtte finne ein annan stad, og tilfeldigheitene førte han til Volda.
Etterord
Sanninga er dermed ikkje så dramatisk som rykta. Olavius heitte eigentleg Andreas Olaus Mandelid. På grunn av fleire dommar for brennevinssal på Voss, som enda med landsforvisning, fann han det klokast å skifte namn. Han tok då namnet Olauvius Nilsen Hatlelid (Nilsen-namnet frå faren, som heite Nils Martines Korneliusson Mandelid). Då han kom til Volda omkring århundreskiftet var han nok svært opptatt av at ingen skulle avsløre hans eigentlege identitet og kva han hadde gjort tidlegare. Dette forkarer hans nærast folkeskye levemåte. Han var nok og svært opptatt av å framstå som en «gentleman» for å kamuflere si kriminelle fortid. Denne svært hjelpsomme sida si viste han fleire gonger, mellom anna redda han Magnhild Kvalheim i Volda frå å drukne i Storelva då ho var lita jente (5. september i 1923).
Det Olavius nok ikkje tenkte på var at hans nærast ubemerka måte å kome til Volda på, hans folkesky levemåte og hans overhøflege veremåte kunne føre til rykte. Rykta vart, som rykte ofte blir, mykje verre enn sanninga. Truleg hadde rykta sirkulert lenge og funne solid feste hos folk før Olavius fekk vite om dei. Olavius kunne ikkje stanse dei, for han snakka lite med folk, og hadde heilt sikkert inge å snakke fortroleg med. Den einaste han sannsynlegvis betrudde seg til var ho som stelte for han, Tomasine Nosse. (Alle visste at det var meir mellom dei enn som so; at dei mellom anna delte seng). Da ho var blind og send på aldersheim, blei nok livet for tungt for Olavius. Han kunne rett og slett ikkje leve med den avstanden det var mellom alle rykta om han og sanninga.»
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».