Part of exhibition
History
-
Den første Centaur, modell A, kom på marknaden i 1921. I åra som følgde blei modellen modifisert og forbetra Dette er modell G som kom i 1926 og blei produsert til 1929.
I slutten av 1920-åra endra Central Tractor Company namn til Centaur Tractor Corporation. Då blei dei også med i United Tractor and Machinery Company, ein organisasjon av uavhengige produsentar av landbruksutstyr. LeRoi Corp. frå Milwaukee, Wisconsin kjøpte selskapet i 1940.
Centauren liknar på Moline Universal traktorane. Motoren er plassert rett over dei to framhjula som også er drivhjula. Føraren sit bak, og utstyret heng under setet. Ein kunne mellom anna få plogar, horver, kultivatorar, såmaskiner og potetopptakar til Centauren. Marknadsføringa lova ikkje at Centauren var betre enn andre traktorar, men at han var ein utmerka erstatning for hesten. Han skulle lokka bønder på mindre bruk til å investera i traktor for første gong. I USA selde traktoren godt.
Jærmuseet kjøpte traktoren sommaren 1986. Han blei importert av ein småbrukar frå Moland i Aust-Agder, og det er truleg den einaste Centauren i landet. Då museumshandverkar Sverre Skjæveland tok til med restaureringsarbeidet, skrudde han først heile traktoren frå kvarandre og reinska han for rust. Radiatoren og tanken fann han att i ein båt. Setet, verktøykassa, luftfilteret og transportringane til hjula var øydelagde. Dei måtte han enten laga, eller skaffa frå andre stader. Rattet i tre er også nytt.
Produksjon: 1926 - 1929
- ProdusentCentral Tractor Co.sikker
- Production placeUSA Greenwich (Ohio)
Bruk
- BruksstedNorge Aust-Agder Arendal Moland Sølerødsikker
Classification
-
- Jordbruk i sin alminnelighetOU 241
- LandbruksmaskinerOU 407
References
-
- LitteraturreferanseM. Snørteland: Frå Jærmuseet sine samlingar. Centaur Garden Tractor, Sjå Jæren 1992, side 116 - 119
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierJÆG1986.05.01
- Part of collectionJærmuseet
- Owner of collectionJærmuseet
- InstitutionJærmuseet
- Date publishedMay 30, 2014
- Date updatedApril 3, 2018
- DIMU-CODE011024079497
- UUIDb0194811-e50e-43ed-9473-d3fe1320ad27
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».