Part of exhibition
History
-
Allgaier Porsche AP17 var den første traktoren med motor utvikla av Ferdinand Porsche, det såkalla Porsche-systemet. Det gav traktoren fleire tekniske finessar som til dømes luftkjøling, og ei slynge som reinsa olja i motoren. Traktoren er lett, han har hydraulisk løft, god bakkeklaring og svingradius. Dessutan var prisen, 4450 DM, konkurransedyktig. Traktoren blei også ein suksess. Då han blei vist for første gong på landbruksmessa i Frankfurt i 1950, fekk Alllgaier inn ordrar på heile 5000 traktorar.
Plassering av lykter, ratt, panel og eksospotte viser at dette eit tidleg eksemplar, kalla Type-1. Dei hadde mange barnesjukdommar, og blei berre produsert i 5500 eksemplar. I 1951 kom den betre Type-2. Allagaier Porsche AP17 blei produsert fram til 1955. Firmaet Mannesmann kjøpte rettane til Porsche-systemet i 1958. Dei produserte modellane Porsche Diesel til 1963. Då blei det heile seld til Renault, og Porsche-namnet forsvann frå traktormarknaden.
Professor Ferdinand Porsche(1875-1951) stod mellom anna bak bilmerket Porsche, designa Folkevogna og fann opp den første hybridbilen. Ferdinand var oppteken av å effektivisera produksjonen, og besøkte fleire gonger Henry Ford sin bilfabrikk i Detroit. Han var medlem av nazistpartiet og SS frå 1937, og var med på å designa Tiger-tanks og andre våpen. Etter krigen sat han fengsla i Frankrike. På 1990-talet fekk han utmerkinga Car engineer of the Century.
Ferdinand designa dei første traktorane på 1930-talet. Målet var å laga ein folketraktor, volkschlepper. Han utvikla fleire prototypar, men krigsutbrotet stansa prosjektet. Allgaier-Werke GmbH tok kontakt med Ferdinand i 1949, og dermed kom Porsche-systemet inn i traktorane.
Jærmuseet kjøpte dette eksemparet av Olai Njå i 1991. Traktoren er i original stand.
Produksjon: 1950 - 1955 (AP17 produsert denne perioden)
- ProdusentAllgaier Werke GmbH
- Production placeTyskland Friedrichshafen
Fotografering: January 19, 2015
- FotografSkrudland, Ingeborgsikker
Relation
- Object/Work – ComponentsVideoTraktorlyd AllgaierPorche (JÆL0401)
Classification
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierJÆG1986.08.02
- Part of collectionJærmuseet
- Owner of collectionJærmuseet
- InstitutionJærmuseet
- Date publishedMay 30, 2014
- Date updatedNovember 4, 2022
- DIMU-CODE011024079501
- UUID884b2c4f-230c-4f90-9c39-84c2a6fb02c0
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».