Part of exhibition
History
-
Electric Wheel Company blei stifta i 1890 og var ein stor leverandør av stålhjul til vogner, traktorar og reiskapar. Deira første traktor kom 1908, det var ein chassis der bonden sjølv kunne montera motoren. Allwork 14-28 kom i 1915, og blei laga til 1924. To faktorar viser at dette eksemplaret er laga før 1920. For det første er drivstofftankane firkanta, dei blei etter kvart runde. For det andre er sylindrane støypt i eit stykke, dei seinare modellane fekk delt sylinder-topp.
Allwork 14-28 er montert på ei ramme. I motsetnad til den mindre og lettare Fordson F der motoren, girkassa og akslingen bak utgjer ei eining. Electric Wheel Co. slutta å laga traktorar under den store depresjonen, i 1929.
Nokre få Allwork 14-28-traktorar blei eksportert til Skandinavia. Dette eksemplaret var ein av dei, og brukt i Tyristrand på Ringerike. Jærmuseet kjøpte han i 1986. Då stod han på Jevnaker og var i dårleg forfatning, berre rama og hjula var igjen saman med noko av girkassa, blokka og sylindrane i motoren.
Museet lånte ein AllWork 14-28 frå Austlandet for å ha noko å sjå etter under restaureringa. Svinghjulet, tannhjula, stengene og dekselet til giren, magnettenninga, vasspumpa og mekanikken i clutchen er laga på ny. Det same er radiatoren og vifta, tankane, skjermane, piggane i hjula, styret og styresnekka. Traktoren er framleis under restaurering. Setet er ikkje originalt, heller ikkje forgassaren, eller radiatoren.
Meir enn halvdelen av traktoren er ny. Kva er verdien av ein slik traktor?
Dette var venteleg den første forhandlarimporterte traktortypen i Noreg. Importør var Kullberg & Co., Kristiania. Omtala i artikkel i Norsk Landmandsblad 1916.
Bruk: 1920 - 1986
- BruksstedNorge Buskerud Ringerike Tyristrandsikker
Produksjon: 1916 - 1920
- ProdusentElectric Wheel Co
- Production placeUSA Quincy (Illinois)sikker
Fotografering: February 3, 2015 - April 28, 2015
- FotografSkrudland, Ingeborgsikker
Downloads
- File attachmentsRestaureringsrapport2009 281448
Classification
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierJÆG1986.12.02
- Part of collectionJærmuseet
- Owner of collectionJærmuseet
- InstitutionJærmuseet
- Date publishedMay 30, 2014
- Date updatedMarch 10, 2021
- DIMU-CODE011024079508
- UUIDae34f98c-6f05-4a1c-8052-e89a13e21ded
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».