• Konserveringsoppdrag

Eigar: De Heibergske samlinger –Sogn folkemuseum
Oppdragsgjevar: De Heibergske samlinger –Sogn folkemuseum

Kontaktpersoner: Aage Engesæter Tlf: 47 45 27 95
aage.engeseter@misf.museum.no

Kristian Systad
Tlf: 47 45 29 19
kristian.systad@misf.museum.no

Arbeidet utført ved: Bevaringstenestene - Tekstil
Museumssenteret i Hordaland
Salhusvegen 201
N-5107 Salhus/ Bergen
Tlf.: +47 55 25 10 87 Mobil: +47 40 40 48 59
Fax: +47 55 25 10 99

Kontaktperson: Inger Raknes Pedersen
Avdelingsleder/ tekstilkonservator NKF-N

Oppdrag

Reingjering, flekkfjerning, støtte av svake områder i blonde.
Gjenstandbeskrivelse
Dåpsbleie utført av lin med broderi, både svartsaum og kvitsaum. Broderiet er sydd langs eine langsida av gjenstanden og utgjer eit horisontalt felt, med tre vertikale felt som utgår frå dette. Denne langsida er kanta med ei blonde. I høgre nedre hjørne på baksida er det stempla 6305 i ein oval, og i venstre nedre hjørne er det sydd fast ein lapp med det same nummeret.
Mål: 78,5 x 60 cm
Tilstandsskildring
Dåpsbleia er svært gulna, og har i tillegg eit gråaktig skjær. Den har fleire ulike typar av flekkar, nokre er brunlege og andre er svarte. Blonda langs øvre kant er skjør, og har løsnet i nokre område. Linstoffet er også skjørt, særleg i områda omkring flekkane.
Konservering/Behandling
Dåpsbleia vart først fryst i 3 døgn ved -30, som insektsanering. Den vart varsamt støvsuga på begge sider for å fjerna laust overflatesmuss. Det vart teke fargestabilitetstest av dei mørke broderitrådane, som viste seg å vere stabile. Det kunne derfor gjennomførast våtbehandling av dåpsbleia. Den vart behandla med kaliumborhydrid, 0,02 mil/l. Dette er ein reduserande bleikemetode, som fjernar oksidert cellulose. Denne behandlinga styrker også fibrane. Det er den oksiderte cellulosen som gjev den gulaktige tonen i stoffet. Gjenstanden vart så lagt inn i plastbelagt glasfibernett, og vaska i tekstilvaskebordet. Første bad var tilsatt Synperonic A7 (0,5/l), etterfølgd av fire skyllebad, før utlegging til tørk på melinex. Denne behandlinga gav ei klar forbetring av synsinntrykket. Det vart utført lokal flekkfjerning med Blankit IN. Dette gav noko reduksjon i fargestyrke på flekkane.
Gjenstanden har hol og rifter på to plassar. Her vart det lagt ein støttelapp av tynn bomull på baksida, og skaden sydd ned. Ettersom gjenstanden generelt er skjør, særlig i området som er brodert og i blonda, vart dette området dekka inn med eit tynnt nylonnett. Blonden vart festa med forsting langs heile kanten. Over blonden vart det også sydd forstingsrekker, for å støtte denne ytterligare.
    Photo: De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum

Dåpsbleie

Add a comment or suggest edits

Leave a comment or send an inquiry

Select the images you want to order

Share to