History
-
2 stk. gjenteborder (17774 - 75)
To gjenteborder, hvorom giveren i brev meddeler:
I dag sender eg særskildt i posten tvo border. Eg hev kjøpt dei hjå kona Kristi Sandvik, Bålen. Ho hev sjølv brukt dei som ung gjenta. Det vil segja til ikring 1850. Ho var gamal då eg kjøpte dei. Og ho er død for mange år sidan. Berre gjenterne bar denne hovudbunaden. Konene hadde anten kvithuva eller svarthuva. Svarthuva var av svart silke og bruktest kun til kyrkjebruk - og kvithuverne til kvardags. Dei hadde nokonlunde same skapet. Men svarthuva var gjerne noko rikare i formene. Dessutan brukte ein gjerne kappe. Den var ogso kvit, med med kant framme, men so fylge han hovudformi attover.
Den var meir brukt i Eivindvik prestegjeld og elles ikring og i Bergen. Men Brekke høyrde då lenge til Eivindvik og dei vart brukt ogso der i heile min oppvokster. I ruskever var dei meir praktiske. Ein kunde knyte ein dusk over dei. Den svarte silkehuva var meir eit stasplagg i godver og tolde ikkje noko dekke over. Bordene var i vissa siste tidi dei var brukt ogso eit stasplagg. Men vyrket og mynsteret var tidt mykje ulike. Der spela råd og smak inn.
Dei tvo eg sender, ser de er ikkje lite ulike. Men dei vart borne på same måten. det er diademprinsippet, som heng att. Desse tvo, som eg sender, er gåva til samlingane Dykkar. Men eg vil gjerne, det skal stå på dei, kvar dei er frå og korleis dei var brukte. På tvo av litografii, eg gav ser ein tydeleg korleis dei var i bruk.
Nr. 17775 - 51 cm lang, 9 cm bred. Har brodert ottebladroser i rødt og blått, kantet på den ene side med rødt bånd og på den annen med vevet forskjelligfarvet bånd.
Gave fra kunstmaler Mons Breidvik, Norheimsund(?)
Bruk
- BruksstedNorge Sogn og Fjordane Gulen Brekke Breivik Bålen (Sandvik)
Aksesjon: December 20, 1943 (GFH)
Classification
-
- Drakt, ungdom, jente (Outline - Drakt)OU 291.32
- Drakt, hode (Outline - Drakt)OU 291.71
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierDHS.17775
- Part of collectionDe Heibergske Samlinger
- Owner of collectionSogn og Fjordane
- InstitutionDe Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum
- Date publishedSeptember 9, 2014
- Date updatedSeptember 11, 2021
- DIMU-CODE011025099999
- UUID91633600-712c-40e0-a008-c4a5d1bb3aac
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».