100
Skjålykt. Åttekanta lykt av tre trekt med hinne frå dyreinnvolar rundt alle sidene. Spilesystem inni til å heve lyshaldar opp til hol i toppen. Åttekanta botn- og topplate i tre. Topp-plata har hol i midten og handtak av metalltråd. Trespiler mellom topp og botn. Inni er to trespiler festa til ein tre-sokkel med metallsylinder på (haldar til lys). Ved å trekke eine spila (med metallring i enda) opp, vert sokkelen med lyshaldar heva opp til holet i toppen. Den andre spila er fast, tre-sokkelen har hol på sida og vert dregen opp langsetter den faste spila. Hinna er klistra til treet og seg sjølv. Det er synlege ender på hinna. Det er spikra stifter til nokre spiler. Hinna er relativt tjukk. Initialar er svidd inn i treet.
Photo: Ulf Palm / Nordfjord Folkemuseum
Accept license and download photo