History
-
-
Evebøfoss fabrikker vart først starta opp ved Evebøfossen på Sandane. Her vart ett av dei første kraftverka i Sogn og Fjordane bygd av Anders Hansen (1855-1915). Kraftverket vart opna i 1909. Kraftverket var det første elektriske anlegget med overføringsline i Sogn og Fjordane. Vanlege husstandar på Sandane abbonerte på straum til lys.
Før kraftutbygginga var det ein shoddyfabrikk og ei mølle ved Evebøfossen. Anders Hansen kjøpte i 1906 både shoddyfabrikken og mølla saman med halve fallretten i Evebøfossen. Hansen heldt fram med shoddyfabrikk, men utvida stadig produksjonen.
Evebøfoss fabrikker starta som ullspinneri (1909/1910)og utvida etterkvart med veving og i 1947/8 med trikotasjefabrikk. Ull frå distriktet var heile tida råvara. Fabrikken vart lagt ned for godt på slutten av 1980-talet, men gjekk ut av Hansens-familien sit eige på 1970-talet.
I byrjinga låg fabrikken ved fossen og kraftstasjonen, men i 1924 vart fabrikken flytt til Elvaneset, eit stykkje frå Evebøfoss, men framleis på Sandane. På Elvaneset vart det bygd ein stor fabrikkbygning i tre i 1924. I 1947/48 vart det sett opp eit stort murbygg i tillegg til trebygningen. På 1990-talet vart fabrikkbygningane på Elvaneset rivne. Det var på det meste omlag 100 tilsette ved Evebøfoss Fabrikker.
Kleda Evebøfoss fabrikker produserte, som som vi ser nokre av i brosjyra, var populære.
-
Aksesjon - 1986
-
Bruk
- Brukssted Sogn og Fjordane Gloppen Sandane sikker
-
Produksjon - 1976 (Står på brosjyra)
Designer for avbilda klede. - Kunstner Skaaden, Elin-Gro sikker
-
Classification
-
- Trykking OU 213
- Tekstilindustri OU 288
- Trikotasjefabrikker OU 288.4
- Omsetning og salg, tekstilindustri OU 288.92
- Konfeksjons- og skoindustri OU 295
Placement
References
-
- Digitale objekter Om Evebøfoss Fabrikker
- Digitale objekter Om gründeren Anders Hansen
License information
- License Attrbution-ShareAlike (CC BY-SA)
Metadata
- Identifier NFM.1986-00432
- Part of collection Nordfjord Folkemuseum
- Owner of collection Sogn og Fjordane
- Institution Nordfjord Folkemuseum
- Date published September 9, 2014
- Date updated January 17, 2019
- DIMU-CODE 011025123235
- UUID 7bc2c3be-6e20-407d-a824-494f495ba248
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».