History
-
Informasjon frå gjevar:
Har vore ring rundt masta på jekta "Lydia".
Når mastene skulle skøytast, vart ringen varma godt opp og driven på plass over masteskøyten. Etter kvart som ringen kjølna, krympa han og kneip godt fast om masteskøyten (informant Dagfinn Aasen).
Gjevar fortalde at bestefaren hass (Didrik R. Mardal) kjøpte masta av Jo i Skogen (Jon O. Holevik) til brenneved. Holvik hadde kjøpt jekta Lydia og montert motor i den. Då ble det ikkje bruk for masta. Didrik Mardal sagde av skøyten med klamperingen og brukte den til hoggestabbe. Stabben stod nede i skytja i alle år, heilt til stabben ble kløyvd truleg rundt 1940-50. Bestefaren og faren tok vare på klamperingen.
Jekta "Lydia" var den siste jekta som vart bygd i Gloppen i 1895, så vidt ein veit. To sogningar bygde ho i jektenaustet til den gamle "Austrheimsjekta". Jekta vart bygd slik dei gjorde det i Sogn (Soga om Gloppen og Breim band II s.313).
Produksjon
Produksjon: 1895 (Truleg, sjå historikk)
Bruk: 1895
Ringen var rundt enden på masta, denne delen fekk Didrik R. Mardal overta frå Jo i Skogen (Jo O.Holvik, då Jo kjøpte jekta Lydia og monterte motor i han og ikkje hadde bruk for masta). Mastedelen med ring vart brukt som hoggestabbe av bestefar til gjevar, Didrik R. Mardal på plassen Åsen.- BruksstedSogn og Fjordane Gloppen Åsensikker
Aksesjon: 2007
Åsen var ein "plass med lade" der bestefaren Didrik R. Mardal budde. Didirik var første sjåføren på Sandane som kjørte ruta Sandane-Vadheim.
Classification
-
- Båter og fartøyerOU 501
- SeilbåterOU 501.14
License information
- License Attrbution-ShareAlike (CC BY-SA)
Metadata
- IdentifierNFM.2007-00010
- Part of collectionNordfjord Folkemuseum
- Owner of collectionSogn og Fjordane
- InstitutionNordfjord Folkemuseum
- Date publishedSeptember 9, 2014
- Date updatedMarch 31, 2017
- DIMU-CODE011025127847
- UUIDe59f7616-98f8-4b42-8257-5100c95feb5a
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».