History
-
-
Gjevar fortel at Bibelen truleg var ei bryllaupsgåve til første eigar og hennar mann då dei vart gifte i USA, truleg Chicago, i 1895. Då mannen døydde i 1902, flytte første eigar tilbakje til Nordfjord. Ho busette seg på "bruksstaden" der ein son hadde vore gift. Sonen døydde tidleg, men første eigar budde der og vart tatt vel vare på av svigerdottera. Første eigar budde også delvis hjå slektningar på Sandane. Første eigar døydde i 1929 og vart gravlagd på Vereide kyrkjegard.
Bibelen var lenge på "bruksstaden" i Nordfjord. Der låg den i ein kommode eller eit skåp. Bibelen vart brukt nærast som ei biletebok av gjevar og brør til gjevar/siste eigar på 1930-talet. Det var mange spanande bilete i bibelen som trakk merksemda til særleg gutane. Dei hadde ikkje mykje andre bøker med bilete å sjå i på den tida. Bibelen vart ikkje brukt som andaktsbok, til det bruket vart det nytta andre og sikkert meir hendige bøker.
Bibelen er restaurert av kyndig person ca i 2007. Den var blitt sliten av lang tids bruk av ivrige barnehender.
-
Aksesjon - 2009
Gåve -
Produksjon - 1890 (Trykkeår i boka)
Bibelen er produsert og trykt i Amerika, Chicago. Men nesten all teksten er på norsk. Litt engelsk på illustrasjon. - Produsent Danks & Co.
-
Bruk
Først brukt i USA, så tatt med heimatt til Mettenes og brukt der. - Brukssted USA Chicago antatt usikker
- Brukssted Norge Sogn og Fjordane Gloppen Mettenes gnr/bnr 38 sikker
-
Classification
-
- Innvandring og utvandring (Outline) OU 167
- Publisering (Outline) OU 214
- Bilder og veggtepper m.m. (Outline - Innredning og interiørdekorasjon) OU 353.5
- Bildende kunst (Outline) OU 532
- Ekteskap (Outline) OU 580
- Slekt (Outline) OU 600
- Dødsfall (Outline) OU 763
- Trossystem (Outline) OU 779
License information
- License Attrbution-ShareAlike (CC BY-SA)
Metadata
- Identifier NFM.2009-00036
- Part of collection Nordfjord Folkemuseum
- Owner of collection Sogn og Fjordane
- Institution Nordfjord Folkemuseum
- Date published September 9, 2014
- Date updated April 16, 2021
- DIMU-CODE 011025128365
- UUID 829a1084-eeae-4369-894e-ef75a89c420d
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».