History
-
I 1930 åra jobba Toralf på lensa, men dette var bare sesongarbeid og han trong inntekt ved sida av. Han reiste til gamle lensmann Sigurd Rinden å lærte seg å saume og trykke slirer. Han sat på kjøkenet heime på Opheim i Kviteseid og arbeide med slirer og skaft. Blad kaupte han av Kjetil Haugelid i fyrstninga, seinare vart det blad av Tinn- smedar som vart sett i skjefte. Dagane starta kl sju om morgoen og varte til seine kvelden, fortel dotter Astrid Ekre som og hugsar at "flisane fauk" når skjefte vart spikka (12.06.2012). Etterkvart fekk knivane som Toralf laga tilnavnet "Kviteseid -Kniven", ein produksjon som han dreiv fram til i 1976.
Avsetnaden var stor, to gonger i året reiste han til Skien med den "store Frelsesarmè- kufferten sin" fortel Astrid, for å levere knivane til Covard og Holtskog som kaupte det meste av det han produsera. Noko vart og selt til lokale kjøpmenn i Kviteseid Byen, Vrådal og på Odden i Morgedal (Gjersund- Bui). Knivane vart ofte bruka som gåver, og er sende ut over landets grenser av kvitsedingar og av andre vest- telar som som ville gjera stas på sine.
Toralf starta som lensekar når han var seksten og eit halvt år gamal og heldt på med dette til han var 63 år.
Produksjon: 1930 - 1976
- ProdusentMidtbøen, Toralf Asikker
Bruk
Relation
-
Object/Work – Components2 related objects
- ThingBord (KVB.0931-1)
- ThingSkuff (KVB.0931-2)
Classification
-
- LærindustriOU 282
- KnivmakerOU 322.81
- Organisasjon, trearbeidOU 322.91
License information
- License Attrbution-ShareAlike (CC BY-SA)
Metadata
- IdentifierKVB.0931
- Part of collectionKviteseid Bygdetun
- Owner of collectionKviteseid Bygdetun
- InstitutionVest-Telemark Museum
- Date publishedSeptember 10, 2014
- Date updatedSeptember 10, 2014
- DIMU-CODE011025212584
- UUIDf3f6f136-2fc8-4a7a-a427-147dd74a595a
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».