History
-
NAPOLEON MED SIN HÆL
Ein augustdag for 125 år sidan, nærare bestemt i 1878, oppheldt det seg to prominente gjester på Hotel Lastein på Dalen. Det var den svenske kronprins Gustav og den franske keisarprinsen Napoleon IV. Dei var ute på ein rundtur i Telemark, og hadde m.a. besøkt brugseigar Niels Aall på Ulefos hovedgård og dei hadde sett på Heddal stavkyrkje. Dei var opptekne av å få med seg mest mogeleg av det som var å sjå langs reiseruta si, og denne dagen hadde dei lagt ut på ein ridetur opp dei bratte Eidsborgberga - for så å ta vegen over åsen til turistattraksjonen Ravnejuv.
Det interessante er at hendingane og sogene frå denne turen har blitt teke vare på i minna hjå bygdefolk, dei har blitt fortalt vidare til nye slektsledd, og faktisk fyrst skrive ned over 100 år seinare.
Ein av dei som kunne fortelje noko om dette kongelege besøket, var Tarjei Auversæker frå Smørklepp. Han hadde høyrt far sin, Eivind Auversæker, fortelje. Han var 14 år den gongen, og hendinga hadde brent seg fast i minne på ungguten. Familien bruka på garden Berge her i Eidsborg, og bygdefolket møtte mannjamt opp for å sjå sjølvaste kronprinsen av "Di tvende kongeriger Norge og Sverige". Men mest interessant var det nok å sjå den franske prinsen som var ein slektning av sjølvaste Napoleon 1., han som hadde seier frå Moskva til Kartagena, men døydde einsam på St. Helena.
Keisarprinsen vart skildra som ein liten, spinkel kar - ein typisk Bonaparte - med bleikt, skarpskore andlet, mørkt hår, litt krum nase og skarpe, mørke augo. Ellers såg han visst nok ut til å vera ein humoristisk og barnegod kar. Han hadde med seg mykje sjokolade som han braut i stykkje og kasta til eidsborgungane. Og så nikka han og lo godt når dei greidde å taka sjokoladen i lufta. Far til Tarjei fortalte at det var fyrste gongen han og dei andre ungane i Eidsborg smaka sjokolade. (Kandisklumpar var godsaker på den tida)
Prinsane var altså på ridetur til Ravnejuv. Også på denne tida var Ravnejuv ein kjend turistattraksjon, og eg har spurt meg sjølv om dette var ein av landets fyrste underhaldningspark? Det var, som de sikkert veit, eit tidsfordriv å kaste lette ting utfor stupet, slik at dei kraftige luftstraumane frå elva nede i juvet kunne føre gjenstandane tilbake, eller bare halde dei i lufta i lengre tid. "Å kaste lette ting utfor stupet bare for å sjå kva luftstraumane ville gjera med dei, er eit tidsfordriv som får barnlege gjester i alle aldrar til å fryde seg," hevda engelskmannen E.T. Goodman i 1891.
Folk i Omdalsgardane, på andre sida av Eidsborgåsen hadde og fått melding om den kongelege gjestinga, og lagt seg grundig i selen for å få til ein paviljong rett ved stupet. Frå Hermod Skaret i Åmot har eg fått vita at bestefar hans, Halvor Skaret, var med på å setje opp denne paviljongen. Han var bare ungguten då, men vart seinare ein dyktig tømrar. Det blei også sett opp eit par flaggstenger, og den eine flaggstonga vaia ut over stupet. Karane vart ferdige like før dei kongelege skulle koma, og for å vera sikre på at alt var i orden, så ville dei prøveheise flagget. I det dei byrja heisinga, hoppa snora av trinsa i toppen av stonga, og flagget sto fast på halv stong! På den stonga som peika ut over juvet, sjølvsagt! Dei sto der rådville, men det vara ikkje lenge. Halvor klatra opp i flaggsonga med bare nevane, og der løyste han opp knuten medan stonga svaga utover avgrunnen. Til glede for alle redda husmannsguten frå Skaret framføringa på Ravnejuv denne dagen. Noko skandale kan det umogeleg ha blitt, for det ville sikkert ha blitt hugsa!
Det kongelege fylgjet vendte etter kvart attende til Dalen og Hotel Lastein. Augusta og Olav Olsen var vertskap her denne gongen. Etter ein slik strevsam tur ville prinsen gjerne ha seg eit bad ute. Korleis det nå hadde seg: ein eller annan gong før eller etter badet, miste keisarprinsen hælen av skoen sin, og han kunne ikkje finne han att. Augusta baud seg til å hjelpe prinsen med
Bruk
- BruksstedDalensikker
Produksjon: 1878
Downloads
- File attachmentsinfoark.Napoleons hæl 29
Classification
-
- DraktOU 291
- Drakt, fotOU 291.74
License information
- License Attrbution-ShareAlike (CC BY-SA)
Metadata
- IdentifierLB.07399
- Part of collectionVTM Eidsborg
- Owner of collectionVTM Eidsborg
- InstitutionVest-Telemark Museum
- Date publishedSeptember 10, 2014
- Date updatedApril 7, 2017
- DIMU-CODE011025216639
- UUIDafe480b6-9b2a-46ee-95e6-a29ed71fd4df
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».