100
Stor dekorert bolle. Sprekkar i veggane er reparert med metallbeslag. Utvendig er bollen einsfarga brunraud. Munningskanten er mørk grøn og har påskrift. Det same har aksla. Innvendig er bollen dekorert med to horisontale måla felt med akantus- og liljeformer. Ovalt felt med noko som kan vere eit monogram bryt dei horsontale felta. På motsett side er det måla eit hestskoforma motiv. Botnen er mørk og målinga slitt, men han kan ha vore dekorert. Innskrift langs innsida av munningen. Under botn er det måla to krossar.
Photo: Vest-Telemark Museum
Accept license and download photo