Stakk og liv er i ulike materialar og med ulik rosesaum.
Stakk med påsydd liv, med rosesaum på alle delar dvs nede langs stakkekanten, på livet på båe framstykka, midt i og på sid ...
Stakk og liv er i ulike materialar og med ulik rosesaum.
Stakk med påsydd liv, med rosesaum på alle delar dvs nede langs stakkekanten, på livet på båe framstykka, midt i og på sidestykka i ryggen (livet har "raudsaum"). Stakken er rundrykt oppe og med splitt oppe i venstre side som har hektelukking (tre hekte). Stakken er samansett av ni høgder som er av varierande breidder, delvis skråklippte. Stakken har ikkje skoning, men kantinga er bretta smalt, dobbelt tilbake og dekker sårkanten på stakken. Ullkantingar langs alle kantar på livet og langs stakkskanten. Attersting i sik-sak langs kantane på livet, og attersting på kantinga på stakken. Livet har eit innsnitt på kvart framstykke, er opent framme og med påsydde hekter for snøring på kvar framkant (fire på kvar side), innanfor desse er det ein papirtrekt metallstivar sydd fast på vranga på kvart framstykke. Brei bomullskanting i avvikande farge nederst på livet.
Add a comment or suggest edits