History
-
- Kula som truleg er ei eldre kanonkule, er funnet i heimen til Ole S. Brandal, Br.Nr. 79 "Lunheim" i Brandal av sonen, Johan O. Brandal. Johan O. Brandal gav i 1986 kula til Ishavsmuseet. Opphavet til kula kan skrive seg frå ei hending som skjedde i 1810 i Breisundet og utfor Brandal. Avisa "Nytt i uka" skriv bl.a. fylgjande onsdag 19.08.1998. "17.mai 1810 gjekk dei to engelske fregattane "Belvedere" (42 kanoner og 280 mann) og "Nemesis" (32 kanoner og 205 mann) ut frå orlogshamnen i Leith. Ordren var å halde auge med grønlandsfararane eller skutene som var i Ishavet på kval- og selfangst. Etter å ha kryssa nord for Stad, var dei innom Torshavn og under Jan Mayen, før dei på nytt sette kursen mot norskekysten. "Belvedere" heldt seg nord for Stad og blir om morgonen den 8. august observert utfor Godøya. Frå "Belvedere" vert det sett ut to barkasser for å jage ei nordlandsjekt utfor Flø. Det er vindstilt og roleg sjø. Den norske flotiljesjefen i Ålesund, løytnant J.J. Lund ror ut Giskesundet, forbi Alnes og mot Runde med heile styrken, ein skonnert og fem sjaluppar for å avskjere barkassene frå fregatten. etter kvart frisknar det til frå NNV, og dei norske båtane må gi opp jakta og lenser unnda innetter mot Kvitneset. Fregatten seglar seg opp til lovart og sender mot dei "...mellom 2 og 300 Skud Granater, Kugler og Skraa (Sprengkugler)..." Fleire av kulene hamnar i land frå kvitneset og innetter mot Brandal. Truleg er kula som Ishavsmuseet har, ei av desse.
-
Produksjon
- Produsent NN = Produsent ukjent usikker
- Production place Ukjent sted Produsent-ID mangler antatt usikker
-
Bruk
Kanonkula er truleg brukt under en trefning i Breisundet, mellom Engelske og Norske marinefartøyer i 1814. -
Eierskap
- Finner Brandal, Ole S. Brandal antatt sikker
- Tidligere eier Brandal, Ole S. Brandal sikker
- Bruker Engelsk Marinefartøy sannsynlig
- Eier Brandal, Johan O. sikker
- Giver/siste eier Brandal, Johan O. sikker
- Gitt som gave til Ishavsmuseet Aarvak sikker
-
Annet
- Funnsted Hareid 6062 Brandal Lunheim gnr/bnr 40.079. sikker
-
Aksesjon - 1986 (Innlevert)
Classification
-
- Jern- og stålindustri OU 327
- Våpen OU 411
References
-
- Arkivreferanse PERM-2: ISM.078.
- Arkivreferanse 09.10. 1995. W. Landmark.
- Litteraturreferanse Avisa Nytt i uka, onsdag den 19.08.1998, side 28.
- Litteraturreferanse Bygdebok for Ulstein og Hareid, bind 5, side 111.
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- Identifier ISM.00078
- Part of collection Ishavsmuseet Aarvak
- Owner of collection Ishavsmuseet Aarvak
- Institution Ishavsmuseet Aarvak
- Date published October 15, 2014
- Date updated October 15, 2014
- DIMU-CODE 011025438018
- UUID 23CD13B2-DFBA-4A30-B9B2-848AF5E67DE5
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».