History
-
Opprindelig eiger av beksaumskorne var Adolf Hoel, 1879–1964, norsk geolog, polarforsker. Dosent ved Universitetet i Oslo 1919, professor fra 1940. Ledet Norges Svalbard- og Ishavsundersøkelser 1928–45. Utarbeidet Svalbards historie 1596–1965 (3 bd., 1966–67). I 1930 bygde fangstmennene John Giæver og Gunnar Isachsen på oppdrag for Arktisk Næringsdrift, ein fangststasjon på nordsida av Moskusoksefjorden, omkring 10 kilometer fra Kap Kolthoff. Denne hytta gav dei navnet Hoelsbu til ære for Adolf Hoel, som på denn tid var ledar for NSIU, (Norges Svalbard- og Ishavs-undersøkelser) og som var opprettet i 1928. Ein kopi av Hoelsbu er gjenreist på 3.etasje i Ishavsmuseet. Det seiest at Adolf Hoel brukte desse beksaumskona under sine opphald i arktis. Sidan har skoparet vore ute på en mangslungen reise, her ført i pennen av Knut Jan Halse, Ørsta.
Historia om beksemskona som står i Hoelsbu.
Skal prøve og gjengi historia slik som Otto A. Myklebust frå Follestadalen har fortalt den. Jonas Karlsbakk og ein kar til frå Sula, er usikker på namnet, kansje hette han Røbekk? Dei reiste til Aust Grønnland for overvintring og fangst rundt 1930 + - .
Jonas Karlsbakk hadde kontakt med Adolf Hoel då han var der på ekspedisjon. I den forbindelse gav Hoel Jonas Karlsbakk eit par beksemsko. Vi veit at Hoel gjorde ein stor innsats for å fremje Norske interesser i polartraktene. Då fangsteventyret for Karlsbakk var over hamna han i Ørsta og busette seg der, beksemskona vart med på flyttelasset. Han fekk arbeid på Ørsta Bruk som førar av frakteskuta dei hadde, ho heite «Ørstafjord». Den vart brukt til frakting av byggevarer, og trelast frå Trøndelag i nord, til Sørlandet i sør.
Under kampane på Dombås i aprildagane i 1940 kom kaptein Olav Eidset frå Volda i kontakt med nedskotne engelske flygarar, ein var vist såra, han fekk dei sende sørover til Ørsta der dei vart innkvarterte i ei hytte i Follestadalen. Det vart etter kvart arbeidt med å få flygarane over til England. Jonas Karlsbakk blei spurd om å gå med «Ørstafjord» ut om Runde i møte med eit Engelsk krigsfarty. Med på turen var Otto A. Myklebust og Martin Folldal. Dei tok ombord flyarane på Andaneset i Volda om natta, turen utover gjekk utan problem, dei kom til avtalt posisjon utom Runde, men ikkje noko krigsfarty var å sjå, veret var og noko grapse men dei la seg til og vente. Omsider dukka fartyet opp, Karlsbakk manurerte «Ørstafjord» opp mot skutesida. Det var med nød og neppe dei fekk flygarane over i krigsfartyet i kulingen, det var eit under det gjekk så bra, som Otto sa det. Som takk for jobben fekk dei kvar sin Colt pistol og nokre pakkar med amusjon. Vel tilbake i Ørsta gjøymnde Otto og Martin pistolane under golvet i Bruksbutikken. Amunisjonen vart liggande ombord i «Ørstafjord» i ein benk i lugaren, der stod også beksemskone til Hoel som Karlsbakk hadde fått. Amunisjonembalasjen gjekk etter kvart i oppløysing av fukt, så patronene vart liggande og rulle i benken.
Beksemskone til Hoel vart då redninga, amunisjonen vart då putta opp i skone. Utover i krigen vart det utviding av Ørsta Bruk, med muring mot sjøen med meire. I ledige dagar brukte dei «Ørstafjord» til steinhenting frå ei ur ut om Rjånes. Dei la skuta inn til land og brukte bommen og slingsa steinen om bord. Ein dag dei låg og lasta stein kom ein tysk vaktbåt opp på sida for kontroll av skipspapir og innspeksjon av fartøyet frå for til akter. Då tyskerane gjekk ned i lugaren kom Otto i hug amunisjonen i beksemskone, som han sa det: Då gjekk det kaldt ned over ryggen på meg!
Tyskerane hadde nok sett skone som stod i benken, et par beksemsko var vel nokså ufarlege og sjå til. Då inspeksjonen var over og vaktbåten gjekk sin veg, tok Otto skone og tømde amunisjonen på havet. Då dei etter kvart fekk roe seg ned spurde dei Karlsbakk kva han vilde gjort vist tyskerane hadde funne amunisjonen i lugaren: Jau då hadde eg skote heile gjengen på vaktbåten og kursa for Skotland. De må nemnast at Karlsbakk hadde Krag karabina si gjøymd bak eksosrøret heile krigen, det var litt av ein viking. Otto A. Myklebust fekk seinare overta beksemskone, han oppbevarte dei på gardsmuseet sitt på Myklebust i Follestadalen. Han fortalde ofte historia på sine gamle dagar, eg nemde det for han ein gong at kansje skone hadde passa i Hoelsbu på Ishavsmuseet. Nokre år før han døde fortalde han at skorne var levert museet.
Knut Jan Halse, Ørsta.
Produksjon
- ProdusentNN = Navnet Ukjentusikker
- Production placeUkjent stedusikker
Bruk
Slitesterke sko til bruk i bl.a. fjell og ulendt terreng.Eierskap
- Første eierHoel, Adolfsikker
- Første brukerHoel, Adolfsikker
- Tidligere eier Karlsbakk, Jonassikker
- BrukerKarlsbakk, Jonassikker
- EierMyklebust, Otto A.sikker
- Giver/siste eierMyklebust, Otto A.sikker
- Gitt som gave tilIshavsmuseet Aarvaksikker
Annet
- FunnstedØrsta 6150 Ørstaantatt
Aksesjon: 1991 (Innlevert)
Classification
-
- Jakt og fangst til landsOU 224
References
-
- LitteraturreferanseAscheoug Gyldendal Multimedialeksikon, Fokus 2000.
- LitteraturreferanseNordøst-Grønland 1908-60. Side 118-119 Hoelsbu.
- LitteraturreferansePeter Schmidt Mikkelsen, Dansk Polarcenter.
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierISM.00313
- Part of collectionIshavsmuseet Aarvak
- Owner of collectionIshavsmuseet Aarvak
- InstitutionIshavsmuseet Aarvak
- Date publishedOctober 15, 2014
- Date updatedOctober 15, 2014
- DIMU-CODE011025438251
- UUID97d33857-07b7-4ec5-ba5f-fa30310221e5
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».