• I 1993 laga kunstnaren Annelise Josefsen ein steinskulptur til Universitetsplassen. Skulpturen består av to store steinblokkar frå Lødingen og er synleg uansett kva retning ein kjem frå.

Steinskulpturen hennar er eit sjølvstendig kunstverk, men kan og sjåast som ei forlenging av "Labyrinten", det store utandørs kunstverket av Guttorm Guttormsgaard. Guttormsgaard sjølv ønskte at ein kunstnar med samisk bakgrunn skulle lage ein skulptur eller figur til Universitetsplassen. Universitetet var svært nøgd med "Labyrinten" og støtta opp om forslaget. Mot slutten av prosjektet blei skulpturen til Josefsen difor ein integrert del av utforminga av plassen.

Frå den eine sida kan det verke som om skulpturen lukkar og samlar plassen. Sett frå ein annan synsvinkel er skulpturen meir som ein portal som opnar opp plassen eller leier mot "Labyrinten". Josefsen hadde tidleg ein idé om å hogge ut negative og positive former i steinen som ein kunne sitte i eller kvile mot. Skulpturen var tenkt forma som eit stykke fjell, ei påminning om naturen som er blitt fjerna for å gi plass til det menneskeskapte.

Annelise Josefsen (f. 1949 i Hammerfest) er ein samisk biletkunstnar. Familien hennar var sjøsamar, og ho vaks opp i Kvalsund i Finnmark. Josefsen studerte først ved Den samiske folkehøgskolen i Karasjok. Deretter utdanna ho seg innan tekstil ved Finnmark husflidsskole i Lakselv, før ho tok kunstutdanninga si ved Kunstakademiet i Bergen. Ho har vore aktiv i Samisk Kunstnerforbund (SDS), også som styreleiar i fleire periodar. Ho arbeider i mange teknikkar, men er særleg kjend som skulptør.
    Photo: Registrar 2 / Kunst i offentlige rom

    Photo: Josefsen, Annelise / Kunst i offentlige rom

Uten tittel [Skulptur]

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Share to