Toril Johannessen har ei sterk interesse for geologi, astrofysikk og vitskapshistorie, og tek ofte for seg forsking som tema i verka sine. Tankesprang, språk og leik med vitskaplege representasjonsformer som statistikk og kart er sentrale element i dei grafiske arbeida hennar på Det humanistiske fakultet. Ordet revolusjon, som er brukt i dette silketrykket, har fleire moglege tydingar. Sett i samanheng med klokka kan det vere ein direkte referanse til den franske revolusjonære klokka og kalenderen; ordet revolusjon kan tyde omdreiing, som i ei omdreiing på uret; det kan òg peike i retning av samfunnsmessige omveltingar eller studentopprør.
Photo:
Ukjent,
/
Kunst i offentlige rom

Ukjent
/
Kunst i offentlige rom