11. Frå eit liv

Liv Holtskog les diktet Frå eit liv, frå samlinga Skurdsong (1971).

Det skulle gå etter det gamle.

Han blei lagt på likstrå

på låven

og dei helt andakt i heimen

før dei bar han ut.

 

Han bruka tida si her

i bakkane mellom skogen og sjøen.

Tråkka bratthenget

aleine eller bak hesten.

Tok ut i tidlege morgontimar

for å nytte dagslyset.

Da han kom att i skummørkret

hadde sett inn hesten

og gjeve han fôr

hadde han hatt ein lykkeleg dag.

 

Eg hugsar han fortalde om

den siste hesten sin

at den stoppa tri gonger

snudde seg, sto og såg seg

attende og vrinska – da han

leidde han

til slaktebilen.

 

Det mål hadde han sett seg

at han skulle snu torva

på landet under skogreina.

Plukke steinen – samle vatnet

i grøfter – harve og så

til det bylgja ein åker

med fulltungt korn.

 

Det var da dèn kom fyrste gongen

styngen i bringa

- og bakkane blei så tunge

frå da

Men han rakk å sjå kornet

- fullmoge -

siste sommaren.

Share to