• Photo: LAG (Opphavsrett)
  • Photo: Ola Lynge Bigset (Opphavsrett)
  • Photo: Lensmann Bernhard Harkjerr (Opphavsrett)
  • Photo: LAG (Opphavsrett)

Krongletur langs Riksveg 61

Med plikt og brennevin

Futen Andreas Landmark, som kom til Brandal i 1795, var den viktigste pådrivaren for å få skikkeleg veg mellom Hareid og Ulstein. Første gong vi høyrer om vegen er i 1778. Det var skrale greier. Den mangla grøfter, varierte i breidde og der var ikkje bruer. Rundt 1800 kunne ein til nød bruke slede. Hjul var det ingen som hadde, så det var ikkje så nøye. Men det hende det kom fintfolk, slik som då amtmann Krogh skulle over Eidet, og det vart sendt ut ordre om å gjere vegen farbar for kjerre.

Rundt 1820 tok Landmark tak i sakene. Det vart kalla inn pliktarbeidarar frå Nerøy, som gjorde ein elendig jobb. Det kan ein kanskje ikkje seie så mykje på. Det var langt å reise for herøyværingane, og dei følte nok at vegen mellom Hareid og Ulstein ikkje var det viktigste dei kunne bruke kreftene sine på. Dei hadde berre møtt opp i kyrkja ein vanleg søndag, og funne namnet på plakaten over pliktarbeidande. Stilte dei ikkje opp, så blei det bot. Og det hadde ikkje folk råd til den gongen. Landmark var altså ikkje nøgd med arbeidet, og gav ordre om at dei måtte gjere det oppatt. Tre dagar med fullt arbeid! Etter dette skal visst arbeidarane ha endra haldning. Det er litt uklart korleis dette kunne skje. Vi veit derimot at arbeidslaget som ferdigstilte vegen langs Brandalsstranda ti år seinare fekk ei halv tønne brennevin som takk for innsatsen. Som den ivrige samfunnsbyggjaren han var, satsa han stort og moderne på brennevinsbrenneri i Brandal. Råvara, poteta, vart levert frå underbruka hans på Hareid, Brandal og på Grimstad, og han meinte at brennevinet var ”en uunnværlig fornødenhetsartikkel”. Han var ikkje gripen av fråhaldssaka, som etterkvart fekk større tyngde i området. Storsatsinga var ei av årsakene til at han seinare fekk gjeldsproblem, og risikerte fengselsstraff. Han slapp. Lensmann Elias Brandal passa heller på at han ikkje forlot Brandal.

Post på veg – om natta!

Postruta var ei av dei viktigste årsakene til at Landmark ivra for vegutbygginga. Denne fekk han i stand i 1804. Det var ei halsbrekkande affære sett med dagens auge. Posten vart henta i Steinvågen, og så rodd over til Brandal. Lensmannen sine postførarar, Skarbakkarane, hadde ein open trebåt, ein treroring, som dei både fiska og frakta post med. Dei skal visst ha halde på med dette i 62 år! Vidare gjekk posten med båt frå Brandal til Hareid, og vidare med hest over Eidet og ut på Skeide, der postopneriet låg den første tida. Så var det å frakte posten vidare med båt mot Volda.

 Det var særleg turane over sjøen Landmark ville få gjort noko med. Det ville bli mykje sikrare og raskare å frakte posten landevegen. Derfor ville han bygge veg med bru til Brandal. Då kunne ein frakte posten frå Brandal til Hareid, til og med om natta! Sorenskrivar Staboe, som heldt til på Håkonsholmen i Ulstein meinte futen tok vel hardt i, og dei heldt på å ryke uklar. Men Landmark gjennomførte. Staboe burde visst betre, meinte Landmark, så mykje som han reiste med båt frå Håkonsholmen og ut til Sula og Vartdal som då tilhøyrde sorenskrivardømet. Ein gong han hadde vore ute på ei av desse reisene vart Staboe sjuk, og måtte bli liggande hos nettopp Landmark i fire dagar før han kom seg heimover igjen.

Frå 1830 - åra vart postruta mellom Brandal og Ulstein dermed landfast. Det var avgjerande for utviklinga av dei to sentra på øya, Hareid og Ulsteinvik. Ulsteinvik sentrum starta på denne utviklinga noko seinare enn Hareid, då ein lenge heldt på sentrale funksjonar til øyar som Håkonsholmen, Dimnasund samt Skeide før desse vart lagt til Ulsteinvik.

Sjekking, torv og politisk agitasjon

I endå 86 år var det vandrarane, kjerrene, skysskarane med hest og ryttarane som brukte vegen. Det tok lengre tid, til fots tok strekninga Hareid – Ulstein i alle fall to timar, og mykje kunne skje. Ludvik Holstad (1885-1968) har fortalt korleis ungdomen rundt 1900 samla seg i dei breiaste vegskifta på laurdagane og søndagane – for å leike. Dei leika ”Slå på ringen” og song. Nokre drog fram trekkspelet og dansa, medan andre song salmar. Det vitnar om ei tid med spenningar i ungdomsmiljøa. Denne leiken må ha vore ein viktig institusjon i ei tid då det var sparsamt med lokale for slike møte mellom unge kvinner og menn. Ikkje umogeleg at det førte til eitt og anna heller.

Nesten kvar søndag gjekk folk til kyrkje, enten på Hareid eller i Ulstein. Det var viktig å få med seg preika, men vel så viktig å få nyheiter til dømes om kven som hadde fått post! Ein episode skiller seg ut. Ved Stortingsvalet i 1884, då parlamentarismen vart innført, måtte mennene som eigde jord frå Hareid gå over Eidet for å stemme. Det oppstod heftig diskusjon, og dei delte seg i to lag. Oppe på Eidet gjekk høgremannen Lars Hareid opp på ein stein, og heldt eit flammande innlegg mot dei radikale kreftene i landet. Då han var ferdig hoppa Ole J. Teigene opp på steinen, og snakka varmt for sjølvstendigheit og Johann Sverdrup. Tida fram mot unionsoppløysinga i 1905 var ei tid for politisk oppvakning – noko som også førte til at posten vart tyngre, og dermed måtte organiserast endå betre.
Eit endå meir vanleg tidsbilete var flokken som gjekk mot myrane for å spa torv til husvarme. Kvinnene kom med mat til mennene, gjerne etter å ha gått ei halv mil med maten i armane. Om kvelden gjekk dei heim igjen, dei vaksne roleg føre og ungane i leik etter. Alle var dødsens trøytte, og det var stille i bygda. Neste dag, i sekstida, var det på han igjen.

Ludvig har fortalt om ei spesiell oppleving i 1890: «Ein dag stod eg oppe i tunet og såg ned på landevegen som krøkte seg grå av grus gjennom bygda. Då får eg sjå eit underleg syn. Ein mann sit oppe på to hjul, det eine framfor det andre. Han fer opp og ned med føtene som han trør på noko». Han hadde sett den første sykkelen i bygda.
 

”at køre med bil vil ha slemme følger”

I 1916 kom den første bilen, ein Overland 1912, over Hareidseidet. Det var brødrene Skeide i Ulsteinvik som eigde han. Ikkje alle var like begeistra. Olaf Ringstad rykte ut i avisa: «At køre med bil her vil ha slemme følger. [..] for bilen har jo skræmt hester og disse skræmte hester blir som regel mindre gode at bruke, så eieren muligens må sælge den til reduceret pris». Bilen øydela vegane, og han spruta på dei spaserande. ”Lovens bestemmelse om den maximale hastighet overtrædes fort væk. Ofte brukes en hastighet av 40 – 50 km og til dels mer” var den nådelause domen frå ingeniør Hovdenak til fylkestinget.

Men bilen var komen for å bli. Gerhard Ulfstein starta med bussruta Larsnes – Ulsteinvik – Hareid i 1927. Kolbjørn Moldskred starta Moldskred Rutebilar i 1934. Bussane stod klare på fergekaia på indre Hareid når sjøbussen kom med folk, og post, frå Ålesund. I starten gjekk dei to turar kvar dag, og billetten kosta 80 øre. Utviklinga fossa vidare. I 1952 fekk drosjeeigar Gullvald Eilertsen sett opp det mest avanserte radiosambandet i landet. Ei tolv meter høg radiomast og ein radiosendar heime i daglegstova hos kona hans, ho Valborg, gjorde at ho kunne ta imot telefonen og ta bestillingar på nye turar medan Gullvald var ute. Framleis var vegen til tider nesten uframkomeleg på vinterføre og i sterk teleløysing. Asfalten kom med den nye vegen på 60 – talet.

Komne opp på Eidet er det mulig eg måtte ha stoppa motoren, og bedt Landmark trekke pusten. Nede i vika ligg Ulsteinvik, med bystatus sidan 2000. Andreas Landmark var i si tid ein ivrig pådrivar for å grunnlegge ein by på Sunnmøre. Den gongen dreide det seg om Ålesund. Han meinte at eit aktivt handelssenter ville legge grunnlaget for økonomisk framgang. Buschmann, prosten i Ulsteinvik, var sterkt ueinig og kalla Ålesund ein ramnekrok med forfalne sjøbuder. Men Landmark hadde teft, og i 1824 fekk Ålesund ladestadsstatus. 176 år seinare var det Ulsteinvik sin tur. Men reisa sluttar ikkje her. Eg ville så bedt Landmark om å trekke pusten endå ein gong, og bli med strake vegen til Volda.

 

 

Share to