• Photo: Sponland (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)

Sunnheitskommisjonen i Haram

"Sundhedscommissionen"

Lova gav dei enkelte kommunane ansvaret for å vedta "sundhetsforeskrifter". Desse skulle så vere godkjent av Kongen. I kvar enkelt herad skulle det veles ein kommisjon leda av ein lege. Det vart stadig lagt til nye føresegner, og lova skulle etter kvart omfatte både byggjeføressegner, regulering av handel med smør, margarin og mjølk og slakting av dyr.  

Føresegner for auka sunnheit

I møteboka for kommunestyre og formannskap i Haram kommune, datert 21.april 1894, finn vi døme på kva slike føresegner kunne vere. Dei 12 paragrafane som blei vedtekne, fokuserte særleg på reinhald og hygiene. Vedtektene som vart fatta for å oppnå auka "sunnhet" er sjokkerande lesing for folk som er vakse opp med dagens moderne hygiene. At det må innførast ein eigen paragraf for å tømme utedoen ofte nok, står nok fjernt frå dei fleste i dag.

"§5. På ethvert Bosted skal senest inden 1 Aar … være indrettet et ordentlig Vandhus, som skal tømmes saa ofte at ingen Overfyldning finder Sted. Indholdet må jevnligt påfyldes sand, Aske eller andet sådant til Forebyggelse av Stank." 

Luft til skade for sunnheita

Det var ikkje berre i "vandhus" ein skulle avgrense lukt. Fiskeavfall og gjødsel vart og oppfatta som lukt som var skadelig for sunnheita:

"§7. Gjødningstoffe, Affald av Husholdningen, Fiskeaffald eller andet sådant må ikke lagres i Dynger eller Kompost offentlig Vei eller Folkehuse nærmere end 6 Meter. §8. I Månedene Mai, Juni, Juli, auguat og September må Fisk, Fiskevoller, Rygge og andet fiskeaffald ikke henlegges eller ophenges så nær Våningshuse at Stanken derfra i betenkelig Grad forulemper Beboerne. Forsåvidt i nogen anden Bedrift, hvorved Luften i høi Grad forurenses, tillades drevet, har Eierne at iagtage de Bestemmelser, som af Sunhetskommisjonene måtte foreskrives."

Regulering av bustadar

Sunnheitslova skulle og regulere korleis folk budde. Bustadane skulle ikkje settas opp på fuktige stadar, det skulle ha eit vindauge av ein viss storleik som skulle vere lett å opne og lukke. Helst skulle det og vere eit "dobbelt Gulv med Mellemlag av Ler eller anden tjenlig fyld." Det var og viktig at det ikkje var felles tak eller veggar med fjøs eller utedo. Sist men ikkje minst, måtte ein å ha god klaring mellom bustadhus og bygg som fjøs, utedo, og dynger med avfall og gjødsel. Seks meter vart her sett som ei grense.

Behandling av næringsmiddel

Fleire paragrafer omhandla og det som etter hvert ble næringsmiddellova. Døme på dette finn ein i § 10: "Sundhetskommisjonen kan forbyde Salg af fordervede Fødemidler eller andre gjenstander der er skadelige for Sundhetden derved, at de indeholder giftige Bestandeler."

Tuberkolose var eit utbreidt problem, og strengare kontroll med slakting og stell av dyr vart innført som ein konsekvens av dette. I Sunnheitsføreskriftene frå Haram vart det mellom anna slått fast at det var forbode å partere dyr i rom kor det budde folk.  

Handheving av lova

Sjølv om føreskriftene var fastsette, var det likevel mogleg å søke kommisjonen om dispensasjon. Samstundes var det politiet si oppgåve å handheve lova og å gi reaksjonar på eventuelle brot. Men i kor stor grad kommunane førte tilsyn og handheva lova er meir usikkert. 60 år etter at Sunnhetslova vart innført, vart det nemleg rapportert at fleire kommunar enda ikkje hadde laga føreskrifter.

Når ein no ser tilbake, kan ein slå fast at hygiene og sunnheit etter kvart slo gjennom og vart norma i samfunnet. Somme stunder kan ein kan likevel lure, stadig avdekkast det alvorlege brot på hygiene hjå matprodusentar og det finst framleis døme på utleige av bustadar som ville brote 100 år gamle føresegner.

Share to