• (Opphavsrett)
  • Photo: Bjørn Austigard (Opphavsrett)
  • Photo: Fredrik Misfjord (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • Photo: Erling Nerland (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • Photo: Erling Neerland (Opphavsrett)
  • Photo: Erling Neerland (Opphavsrett)
  • Photo: Carla Aspaas Welling eftf (Opphavsrett)

Biletskjerar Anthon Røvik

Vi veit som regel ikkje kven som har skore ut dei flotte portalane, kapitela, drakane og ornamenta i stavkyrkjene, men det veit vi for kyrkjene på Holm og Sølsnes. Det var arkitekten, Karl Norum, som teikna og Anthon Røvik som gjorde det aller meste av treskjerararbeidet. Han har også skore noko i Rødven kyrkje. For at handverkaren ikkje skal bli gløymd, tek vi her med ein kort presentasjon Anthon Røvik. Saman med son hans, Øistein Røvik (f. 1932) som også er biletskjerar, besøkte eg Holm, Rødven, Veøy og Røvik kyrkjer på ein og same dag for nokre år sidan. Øistein Røvik peika ut kva arbeid far hans hadde gjort i alle desse fire kyrkjene. 100 år er gått sidan arbeidet vart gjort i dei tre jubilerande kyrkjene. Det er derfor maktpåliggjande for meg å skrive ned nokre liner om denne dyktige handverkaren.

Treskjærar Ola Anthon Røvik
Anthon Røvik var f. 14 august 1885 og voks opp på småbruket Sendingan i Røvika, Bolsøy kommune. Alt som 15-åring begynte han som dreiar på Hovdenak Stolfabrikk. Ein eldre bror, Hans, arbeidde der også. Slik sett var han nok kjent med arbeidet. Etter 2-3 år på stolfabrikken i Hovdenakkvågen fekk han lyst til å lære meir, og i 1903 reiste han til Trondheim. Øistein Røvik har fortalt at far hans begynte å hogge i stein, men at han nokså fort gjekk over til treskjering. Den første læretida var han hos "Træskjærer" Eilert Hagerup i Olav Trygvasonsgate 17. Eilert Hagerup var opphavleg frå Smøla. I 1900 var han titulert som treskjerar og handelsmann. Korleis Røvik kom i kontakt med han, er ukjent, men det er interessant å registrere at Røvik gjekk i lære eller arbeidde hos fleire i Trondheim, og alle hadde tilknyting til Møre og Romsdal fylke.

Utdanning og svennetid
Etter ei tid hos Eilert Hagerup, tok han til som elev hos bilethoggar og kunstmålar (Jens) Munthe Svendsen i Kongens gate 93. Han var fødd i 1869 i Volda og var på dette tidspunktet ein skolert bilethoggar med studiereiser og opphald både i Amerika, Italia, Frankrike og Danmark. Han deltok på haustutstillinga alt i 1898 og hadde separatutstilling i Trondhjems Kunstforening i 1905. Kva arbeid Anthon Røvik utførte i denne tida, veit vi ingen ting om, men i Trondheim var det eit stort miljø innan både steinhogging og treskjering/biletskjering. Dette skuldast først og fremst restaureringsarbeidet ved Nidarosdomen.

I 1906 flytta Munthe Svendsen til Kristiania (Oslo), og truleg er det ved det høvet at Anthon Røvik tek til som svein hos bilethoggar og treskjerar Daniel Hagerup, ein eldre bror til Eilert. Han heldt til i Elvegata 13. Han hadde utdanning frå Kunst- og Håndverksskolen under Lars Utne, Statens stipend i 1903 og 1905 og studieopphald i Berlin 1905. Daniel var fødd i 1876, og var altså berre 30 år, men likevel ein mann med erfaring.

Når dette blir såpass omstendeleg kommentert, er det gjort med vilje. Det viser nemleg kva bakgrunn Anthon Røvik hadde då han tok fatt på arbeidet med dei to (tre) nye kyrkjene i Veøy prestegjeld i 1906. Det var generell treskjering han hadde lært, men desse kunnskapane kunne utan vanskar overførast til arkitekt Norums drakestil. Det er truleg gjennom Daniel Hagerup - eller etter tilråding frå han - at han fekk oppdraget.

Kyrkjene på Holm og Sølsnes
Det var arkitekt Karl Norum som teikna dei nye kyrkjene på Sølsnes og Holm. Dei vart bygde etter dei same teikningane, og berre detaljar skilde dei opphavlege planane. Teikningane vart godkjende av departementet alt i 1903. Av desse går det fram korleis arkitekten såg for seg all ornamentering. Det galdt altartavle, preikestol, døypefont, søyler, dragarar/samhald, meglarar, troppvangar og ikkje minst listverk rundt dører og vindauge. Drakestilen går att i det heile både ute og inne, men teikningane er for små til at det kunne skjerast etter dei, men Norum visste nok korleis han ville ha det. Han hadde teikna Neiden kapell i Finnmark nokre år før (ferdig 1902), og her finn ein dei karakteristiske maskene hans for første gong.

I 1906 starta byggjearbeidet på dei tre nye kyrkjene i Veøy prestegjeld. Arkitekt Jens Z. W. Kiellands teikningar av Rødven kyrkje har eg ikkje sett, så eg konsentrerer meg her mest om dei to andre. Slik som dekoren og ornamenteringa går att i den berande konstruksjonen, måtte treskjeraren vere på plass under bygginga. Her var det så at den 21 år gamle Anthon Røvik fekk sjansen til å prøve seg. Etter ei læretid på 3-4 år i Trondheim, fekk han utfordringa, og tok ho sjølv om han på mange måtar stod åleine med ansvaret. Han brukte sitt eige verkty, men kvar han heldt til under arbeidet, veit vi ikkje noko om. Det er også interessant å sjå korleis han og arkitekten arbeidde saman. Detaljteikningane er stort sett daterte i 1906, medan listverk og interiør i mange tilfelle er signerte i 1907, ja, så seint som i "mai 1907" står det på enkelte. Dei siste skissene er i målestokk 1:1. Fleire er signerte i "Aalesund" der Norum var ein av gjenreisingsarkitektane. Jugendstilen og drakestilen går på mange måtar om kvarandre på teikningane hans fordi dei representere same stiluttrykk. (Sjå meir om dette i bildetekstene.)

Treskjæringa i kyrkjene
Øistein Røvik har fortalt at far hans også skar ein del i Rødven kyrkje. Her er det vanskelegare å peike på kva som er gjort av han, og kva som er utført av andre. At det vart travelt for ein treskjerar når tre kyrkjer skulle byggjast parallelt, viser det faktum at Røvik i periodar hadde med seg Alfred Holthe frå Trondheim til å hjelpe seg. Dei to var på same alder og dei var kollegaer i læretida.

Flytting til Oslo
Då arbeidet med dei nye kyrkjene i Veøy var ferdig, reiste Anthon Røvik til Oslo. Truleg var det meir å lære der og enklare å livnære seg som treskjerar i ein stor by. Dit hadde Munthe Svendsen alt flytta, og vi ser at Eilert Hagerup skifta beite ved desse tider. I adresseboka for Trondheim 1907 driv han ein "Legetøifabrik" i dei lokala der han før stod med treskjering.

Vidare utdanning
Her kunne denne artikkelen ha slutta, men det som Anthon Røvik gjorde i 1906-7, er berre starten på ein karriere. I 1908 var han dagelev eit heilt år ved Kunst- og håndverksskolen, han var elev hos bilethoggar Lars Utne fleire kveldssemester, og han var svein hos treskjerar Ahlsen i Oslo. I 1916 starta ha eigen verkstad. Han tilsette 5-6 sveinar, m.a. Alfred Holthe som han hadde hatt som hjelpar under arbeidet ved dei tre kyrkjene som no jubilerer. Ein annan som arbeidde hos han, var Ivar Røvik som han kjende frå oppveksten. Han var elles ein av fleire som var med då Røvik kyrkje vart ominnreidd kring 1950, men det ikkje er tema denne gongen.
 

Oslo Treskjærerlaug
Anthon Røvik brann for treskjerarhandverket. For å styrke faget, starta han Oslo Treskjærerlaug i 1938, og han vart vald til oldermann. Han tok initiativ til Treskjærernes landssamskipnad i 1946 der han også var leiar ei tid, og han var redaktør for bladet Treskjæreren. For å vise korleis ei sveineprøve skulle sjå ut, tok han sjølv prøva i 1952! Han var då 67 år.

Anthon Røvik døydde den 8. juli 1965. Han hadde då bak seg ein omfattande produksjon på utruleg mange felt. Heilt frå starten var det private interiør og enkeltgjenstander som lysekroner, stolar og gyllenlærarbeid som utgjorde hovudtyngda av produksjonen. Alt under læretida i Trondheim fatta han interesse for gyllenlær. Han brukte mykje tid på granskingar i ulike museum, og han teikna av gyllenlærmønster. Etter fleire år med arbeid hadde han samla så mange mønster at han kunne rekonstruere heile veggteppe. Dei fem mest kjente mønstra skar han negativt i treplater og brukt til stoltrekk og veggdekke. Ferniss koka han av naturharpiks etter oppskrift som han visste vart brukt på 1600-talet.

Med gamle ing som drivkrefter
Drivkrafta bak det heile var hans sterke interesse for gamle gjenstandar, gamle teknikkar, gamle former og fargebruk. Dette gjorde han kompetent til gjenstandsrestaurering i vid forstand: snekkarhandverk, skjering og dekor. Han tok på seg utsmykkingsarbeid av mange slag, både eige arbeid og arbeid for bilethoggarar. Modellar i gips vart omforma i tre. Slik utførte han m.a. store arbeid på dei landskjende passasjerskipa "Oslofjord", "Bergensfjord", "Blendheim", "Bramar" m.fl., og i villaene til skipsreiar Anders Jahre og fabrikkeier Joh. H. Andresen.

Kyrkjearbeidene
Etter krigen 1940-45 hadde han eit svært nært samarbeid med arkitekt Arnstein Arneberg. Det er i denne perioden at kyrkjearbeida hans kjem for fullt. Arbeidet med Oslo Domkirke er berre eitt døme. Det finst rundt 30 kyrkjer der han utførte verkeleg store treskjerararbeid, og så er det i tillegg eit 50-tals andre kyrkjer som han har gjort mindre restaureringsoppdrag i eller levert enkeltgjenstander til, slik som gyllenlærstolar. Øistein Røvik har laga eit kortfatta oversyn over kva arbeid far hans har utført i alle desse kyrkjene. Det er ei imponerande liste, men det er også interessant å merke seg at også Øistein har vore med på ein god del av desse arbeida. Eg vil takke Øistein for kva han har vist meg, og kva han har lært meg om far sin - ein av dei største biletskjerarane i landet vårt på 1900-talet. Teskjerararbeidet i Sølsnes, Holm og Rødven kyrkjer var det første, sjølvstendige oppdraget Anthon Røvik hadde. Det er i år 100 år sidan arbeidet vart avslutta, og det er derfor all grunn til å minnast handverkaren. Maskene, rankane og dekoren er "barn av si tid" liksom stavkyrkjedekoren var eit naturleg stiluttrykk 6-7-800 år før. Båe delar er verneverdige!
 

Share to