• Photo: Leif Inge Åstveit (Opphavsrett)
  • Photo: Leif Inge Åstveit (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)

Endringar i landskap

Den fyrste busetjinga på Nordvestlandet

Særleg stor har endringane vore frå steinalder fram til i dag. Dei fyrste spora ein finn etter busetjing på Nordvestlandet, er omlag 10 000 år gamle. Den tjukke iskappa som dekte ytterkysten var då smelta bort, men framleis låg isen inne i dei inste fjordane. Sjølv om ein haldt seg i ytre strøk, må kalde vindar ha kome frå det islagte innlandet no og då. Vegetasjonen var og mykje snauare, med lite skog, og har truleg minna meir om snaufjellet slik ein finn det i dag.

Isen smeltar og landet stig

Då den siste istida var over, begynte breane sakte men sikkert å smelte. Dette førte med seg at den enorme vekta frå breane forsvann meir og meir, slik at landet etter kvart begynte å heve seg. Men smeltevatnet frå isbreane nådde etter kvart havet, som sakte begynte å stige. Dei områda som hadde vore dekka av den tyngste børen av is, var og dei område som heva seg mest. Ute ved kysten er det derfor mindre endringar i havnivå enn kva tilfellet er inne i fjordane.

Endringar i havnivå 

Endringane i havnivå som skjedde etter siste istid er godt undersøkt av geologar. Dette er noko som arkeologar veit å nytte seg av. Å vite kor høgt havnivået stod i dei ulike periodane i førhistoria er viktig når ein arbeider med førhistorisk busetjing. Særleg i steinalder budde dei rett ved det som var strandsona på den tida. Arkeologar som leiter etter steinalderbuplassar kan dermed undersøke akkurat dei høgdene i landskapet som ein veit var strandsoner i steinalderen.

Gamle strandvollar framleis synlege 

Ei kurve som samanliknar havnivået i førhistoria med korleis det er i dag, viser at havnivået medan den fyrste busetjinga tok til var mykje høgare enn i dag. Havet sank fyrst til det nivået vi har i dag, for så å stige att til eit nivå som vert kalla tapes maks. Havnivået blei liggande på dette nivået frå om lag 6000 f.Kr til 4000 f.Kr. Ettersom havet stod så lenge på same nivå, har bølgjeaktivitet fleire stadar danna ein kraftig strandvoll. Særleg på dei ytre øyane er det lett å sjå denne.  

Tsunami på Nordvestlandet 

Geologiske, botaniske og arkeologiske undersøkingar har enkelte stadar funne spor etter ei dramatisk hending som skjedde om lag 6200 f.Kr. På denne tida gjekk det eit enormt undersjøisk ras ved det som i dag kallast Storegga utanfor kysten av Nordvestlandet. Rasmassane bevega seg heile 800 kilometer utover i Atlanterhavet. Samstundes utøyste dette ei 10 meter høg tsunamibølgje som slo innover land med ei voldsom kraft. Innover i fjordane har ho truleg vore nærmare 40 meter høg. Men det var ikkje berre Norskekysten bølgja trefte. Så langt vekke som Skottland og på Færøyane har ein funne spor som etter bølgja da ho fôr innover land.

For folket som budde i desse områda må det ha fått katastrofale følgjer då bølgja kom. Truleg skylte ho alt av reiskap på havet, medan bustadar, båtar og matlagera vart øydelagde. Kor lang tid det tok å kome seg til hektene igjen er det ikkje godt å seie noko om, men at det har vore ei skjelsettande hending, er heva over tvil. 

Share to