• Photo: Ola Øverås (Opphavsrett)
  • Photo: Bjørn Austigard (Opphavsrett)
  • Photo: Bjørn Austigard (Opphavsrett)
  • Photo: Bjørn Austigard (Opphavsrett)
  • Photo: Bjørn Austigard (Opphavsrett)
  • Photo: Bjørn Austigard (Opphavsrett)

Oppigardskvenna i Eikesdalen

Historikk
Bekkekverna kom til landet vårt på 1200-talet. Det var kyrkja og munkane som tok med seg kunsten frå utlandet. I om lag 1000 år hadde då folk drege kvernsteinane med handemakt. Det gjekk greitt så lenge dei ikkje visste om noko anna. Klosteret på Nidarholm i Trondheimsfjorden hadde vasskvern i Ilabekken i 1319, men så tidleg fanst det ikkje slike innretningar hos oss sjølv om det var elver og bekker nok.

Det var etter 1600 at talet på kverner skaut fart. Liksom vi må skatte for at vi har bil, måtte forfedrane våre skatte for at dei hadde kvern. Første gongen dette skjer, er visstnok i matrikkelen frå 1665. Då var det ei kvern i Meringdalen, ei på Hoem og ei på Øver-Vike. Matrikkelgarden Eikesdal (dvs. Reitan, Utigard, Austigard og Oppigard) hadde to, Setra to og på Finnset var det ei. Etter det kan vi til ein viss grad følgje utviklinga. Å vere sjølvhjelpt med kvern, var viktig. Derfor ser vi at talet på kverner steig framover mot 1900, og heldig var den som hadde årgangande kvern, dvs. at ein kunne male heile året.

Kvernene i Kvennabekken
Så langt attover ein veit, var det to gardsbruk i Oppigard, men i 1760-åra gifta gardguten der-aust seg med gardtausa der-ut og så vart heile Oppigard driven som ein gard. Like før 1800 delte brørne Bjørn og Aslak garden mellom seg, og nokre år etter det bygde Aslak ny kvern i Kvennabekken. For å få fall på vatnet, mura han opp ei renne som er 60 m lang og 4 m brei. Frå kvernhuset og nedover grov han ei 25 m lang grøft for å få vatnet bort frå kallen. Dermed hadde han eiga kvern, bygd like ved garden nærast på flat mark. Dette var ikkje den første kverna i Kvennabekken, men truleg den tredje, og fleire skulle det bli. Frå 1904 til 1923 vart det same vatnet brukt seks gonger etter kvarandre. Praktiske bønder visste korleis dei skulle få det til. Då redaktør Nøsen i Romsdals Budstikka besøkte bygda i 1919 skriv han at "blandt dalens seværdigheter kan nævnes 2 kilder, i daglig tale 'opkommer', som strømmer ut av jordens indre. Den ene av kildene er så stor at den driver flere kornmøller. Efter beregning av ingeniører kan kraften ad elektrisk vei utbringes til 12 à 15 hestekrefter..."

Grue mot julgeit, haubokk og buse
Kvernhuset i Oppigard slik det står i dag, vart bygd nytt i 1923. Det gamle var falleferdig og steinane utslitne, men sjølve kvernfallet var like godt. Trond Utigard (1870-1960) fortalde at i gamlekverna var det ei grue. Det er nifst å vere på kverna åleine i mørkret, det veit alle som har prøvd det. Han som mol, passa gjerne kverna heile natta og då var det godt med litt lys frå ei grue slik at julgeita, haubokken og busen heldt seg borte. Etter tradisjonen kom julgeita på kvennaluren (golvet der kvernsteinane ligg) tre veker før jul. Etter det var ein ikkje trygg! Det var om å gjere å sikre seg.

Korntrygda
Den første lova om kornforsyning i landet vårt kom i 1926. For å få korntrygd var det ein føresetnad at korndyrkaren mol og nytta til eige bruk. Ordninga var populær, og mange heldt kvernene sine i stand. I åra 1927-29 samla Statens kornforretning inn opplysningar om alle mølner og gardskverner i landet vårt, og i Eresfjord og Vistdal herad var det 4 mølner og 36 gardskverner i drift. Eigarane av Oppigardskvenna opplyste at dei årleg til saman mol 3500 kg bygg og havre på kverna. Dei fleste mol langt mindre enn det, men i krigsåra var det mange kverner som fekk sin renessanse. I 1960-åra vart korntrygda endra og det vart slutt på heimemalinga.

Forfall og istandsetjing
Det som ikkje blir brukt, forfell fort. I 1978 skifta Kristian Austigard ut dei opprotna trerennene, han restaurerte kallen og kverna gjekk like godt som før. Åra gjekk, og den oppmura renna frå først på 1800-talet vart overgrodd med oreskog. Vindfall øydela muren på båe sider, og til slutt var skadane så store at vatnet ikkje nådde fram til kvennakallen. No er murverket restaurert, skogen rydda på båe sider, og kverna mel som slik som ho gjorde det då eg var gutungen for 50 år sidan. Det er godt å sjå for ein gammal museumsmann!
 

Se bilder fra tur til KVenna her: http://tjenester.kulturnett.no/quiz/playgallery.php?quizID=787

 

Share to