• Photo: Peter Emil Kaland (Opphavsrett)
  • Photo: teikna av Magnus Hardeland (Opphavsrett)
  • Photo: Prospekt av J.F.L. Dreier. (Opphavsrett)
  • Photo: Ann Steindal (Opphavsrett)

Lindås kommune

I 1837 vart kommunegrensene trekte etter prestegjeldsgrensene. Hamre og Hosanger prestegjeld omfatta områda på begge sider av Osterfjorden. Hamre omfatta også Alversund og Meland kyrkjesokn, medan Hosanger strekte seg frå Seimssokna til Dyrkollbotn. Lindås prestegjeld omfatta då Lindås, Masfjorden, Austrheim og Fedje. I 1879 vart Masfjorden skilt ut som eigen kommune. Det same var tilfelle for Austrheim og Fedje i 1910.

Den «nye» kommunen

Den nye Lindås kommune, frå 1964, er ei samanslåing av ei rekkje kommunar og kommunedelar: Lindås med Titland krins av tidlegare Sæbø kommune; heile Alversund; Hamre og Hosanger sine område nord for Osterfjorden; og gardane Dyrkollbotn, Nipa og Eiterdalen frå Modalen. Alversund hadde vore eigen kommune og prestegjeld frå 1885, då soknene Alversund og Meland vart skilde frå Hamre, og Seim vart skilt frå Hosanger.

Torvmyrar og oljeraffineri

Dei vide lyngheiane og torvmyrane i dei ytre delane av Lindås er næraste nabo til raffineriet på Mongstad. Torvmyrane og dei djuptliggjande oljelaga representerer same vegetabilske energiressurs, men i ulike stadium. På nattestid ligg Mongstad som eit soria-moria-slott i landskapet - eitt av dei største oljeraffineria i Europa og eit energipotensiale av enorme dimensjonar - til kjeldene er tømde.

Stadnamn

Lindås er eit namn som det er lett å forstå, men ikkje alle åsar der det veks lind vert heitande Lindås. Verås inneheld vêr «verlag», og også Alver kan tolkast meteorologisk, jf. islandsk alviðra «mildt vêr frå alle kantar». 

Sisteleddet i Bruknappen er knapp «rundvoren høgd», kva bru siktar til her, er uvisst. Tofting er ei samandraging av tuft og eng. Luro, ofte skrive Lygra, heng saman med loge og tyder «den lyse».

Spjotøyni, uttala «Spjøtøynæ», er namngjeven ut frå samanlikning med eit spyd. Førsteleddet i Spjeldnes er truleg same ordet som i nålespjeld «hylster for nålepute», eit ord som har vore kjent i Lindås fram til i dag. Gno. spjald vart nytta om firkanta plate, tavle o.l. Ei samanlikning ligg òg til grunn for Hodno, dativ fleirtal av horn, i forma af Hornom 1175.

Vassel er usikkert, mogeleg samansett av vatn og sil «still elvestrekning». Hundvin kjem helst av dyrenamnet hund og vin «engslette». Låtrebogane er samansett av gno. látr «liggjestad (særleg for sel)» og gno. bugr «innbøying». Fonnebost, gno. Fornibólstaðr, tyder «gamlegarden». Risa er ei eldre fleirtalsform av ris «(kratt)skog», medan førsteleddet i Bjørsvik visstnok er mannsnamnet Bjørgulv.

1 comment

  • Meiner dette biletet er tatt i Austrheim kommune (ikkje Lindås kommune). Mannen på biletet er Mandus Fondenes.

Share to