• Photo: Bergen Museum (Opphavsrett)
  • Photo: Leif Inge Åstveit (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • Photo: Bergen Museum (Opphavsrett)
  • Photo: Bergen Museum (Opphavsrett)
  • Photo: Bergen Museum (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)

Haramsfunnet - ei gullrik grav frå eldre jarnalder

Gravminnet - kva vart funne?

Der septiktanken skulle stå, var det mykje rullestein, og vel to meter under markoverflata møtte dei på ei stor helle. Denne vart knust og tatt opp i fleire bitar. Det var då ein fekk det fyrste glimt av det som hadde lege skjult i omlag 1700 år, grava til det som må ha vore ein svært mektig Haramsbuar.

Sjølve grava låg under ei 2x1 meter stor helle, og har truleg vore dekka av ei høg røys. Kroppen til den døde har ein lagt i ein bjørnefell og plassert på likbålet saman med gravgåver som drikkebeger av glas og spelebrikker i bein. Restane har så vorte reinsa og samla i eit romersk bronsefat, og gjenstandane i gull plassert på toppen av beina. Til saman 622,2 gram gull vart funne, tre gullringar, ein armring og ein medaljong. Dette utgjer den største mengda gull funne i grav frå 300-talet i Nord-Europa.

Gullmedaljongane

Gullmyntane er etterlikningar av romerske gullmedaljongar. Desse vart laga med tanke på gåvebruk av den til ei kvar tid regjerande romerske keisaren. Det er funne sju kopiar av medaljongar i Noreg, men den frå Haram er spesiell ved at medaljongen er laga ved å presse gullblikk mot to ulike romersk sølvmyntar. Dei to keisarane Constantius II (regjerte år 337-361) og Valens (364-378) er såleis avbilda på ein og same medaljong.

Rike graver på Sunnmøre

Slike rike graver frå Romertid finst det fleire av på Sunnmøre. I Eilivrøysa på Godøya er det funne ein medaljongkopi med den romerske keisaren Constans avbilda. Han var faktisk bror og medkeisar med Constantius II, avbilda på Haram-medaljongen.

Det finst døme på graver med same gravgods som i Haramshaugen, men utan medaljong. I Kongshaugen på Vigra vart det funne to bronsekjelar, gullring, gull, sølv, bronsebeslag, spelebrikker, beinkam, bjørneklør o.a. I tillegg vart det funne restar av ein båt som er datert ved C14-metoden til 280 e.Kr.

Romartid i Europa

Stormannen som vart gravlagd på Haram levde i ei tid som kallast Romartid (år 0- 400 e.Kr). Den nordre grensa for Romerriket gjekk ei stund så langt nord at det omfatta dagens Belgia og Sør-Tyskland. Det var stadige krigar mellom romarane og ulike folkegrupper nord for denne grensa, omtala som germanarane. Mange av dei romerske praktgjenstandane som har hamna i Skandinavia er sannsynlegvis krigsbytte, men ein veit og at det var mykje handel og fredeleg utveksling mellom dei ulike kulturane.

Sjølv om ein finn romerske gjenstandar på Sunnmøre, har desse truleg vore tillagt ei spesiell meining; her finn ein medaljongkopiar som ikkje etterstrevar å være identisk med originalen, og bronsekjelane som vart brukt til matlaging på dei store romerske godsa, vart nytta som gravurne for makteliten på Sunnmøre. Ein har altså ikkje tilegna seg romersk gravskikk. I staden har ein bytt ut dei lokalproduserte gravurnene i keramikk, med eit importert romersk bronsefat.

Den viktige sjøvegen

Praktgjenstandane som ein finn i gravene på Sunnmøre er ikkje produsert lokalt, så ein må ha hatt eitt utstrakt kontakt og byttenettverk. Kor viktig sjøvegen har vore, kan ein ane av plasseringa av dei store gravminna langs leia, der nokre og har fått med seg båten i grava!

Share to