• Photo: Jan Aakvik (Opphavsrett)
  • Photo: Jan Aakvik (Opphavsrett)
  • Photo: Tegning Per Fett (Opphavsrett)
  • Photo: Jan Aakvik (Opphavsrett)
  • Photo: Bergen Museum (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)

Store Rået på Løvsøy - Hellarfunn og strandgravfelt på Færvollane

Gravminne på Færvollane

Då arkeologen Per Fett vitja staden i 1943, fann han om lag 150 gravrøyser på Færvollane. Desse vart ikkje undersøkt nærmare, men han laga ei oversikt over dei gravene som vart funne. Fleire år seinare vart ei av røysene gravd ut. Fett fann då to gravkister bygd av stein med steinheller til lok, men ingen gjenstandar.

Strandgravfelt

Strandgravfelt er mest vanleg i perioden 300-600 e.Kr (yngre romertid/folkevandringstid), men på Jæren finn ein og døme på at dei er brukt i vikingtid. Fleirtalet av røysene på Færvollane er runde, og varierar i storleik frå 3-4 meter til 12-15 meter i diameter. Om lag ti av gravrøysene er såkalla langrøyser. Undersøkingar andre stadar i Noreg syner at langrøyser vart bygd frå 300-talet og fram til vikingtid.

Graver i strandkanten

Allereie i bronsealderen starta ein med å byggje røyser i strandkanten. Dette var store, enkeltliggande røyser, truleg bygd som monument over ein mektig person. Slike monumentale røyser gjev eit anna inntrykk enn store fellesgravfelt. Likevel har bronsealderrøysene og strandgravfelt ei felles plassering i strandkanten som syner kor viktig havet og sjøvegen har vore.

Kammen i Rønstadhellaren

Det er fleire hellarar på Store Rået, men ein kjenner berre arkeologiske funn frå Rønstadhellaren. I 1878 grov arkeologen Anders Lorange her. Ved ein eldstad 40 meter frå opninga fann han ein vakker beinkam frå 100-talet e.Kr, forsigtigt indstukket i et lidet mellem tre Stene dannet Rum. I tillegg var der hestetenner, never og albogeskjel. Ein kan vanskeleg førestelle seg at hest har vore kvardagskost, det er vel ikkje urimeleg å tru at dette er tale om eit offer.

Kvifor gravfelt her?

Ein veit at hole og hellarar har hatt ei spesiell meining i forhistoria, som til dømes tilhaldsstad for farlege krefter. Det er fleire holer og hellarar på Store Rået, og det ser ut til at Rønstadhellaren vart tatt i bruk som offerplass minst 200 år før folk vart gravlagde på Færvollane. Når dei fyrste gravene vart bygde, var det kanskje nettopp fordi dette hadde vore eit spesielt landskapsrom i lang tid.

Nettopp den noko avsidesliggjande plasseringa, med ein mektig môl omkransa av bratte fjell og knausar med hellerar, har nok vore ein medverkande grunn til at strandgravfeltet vart lagt akkurat her. Det er eit spesielt landskap her ute, og dei døde ligg i eit område som er klart avgrensa frå anna busetjing. Ei slik avgrensing er og noko ein finn på andre strandgravfelt.

Store Rået som turområde i dag

For den som vil besøkje desse kulturminna, er det merka sti frå ytste garden på Rønstad. Ein kan gå over fjellet, eller langs fjøra. Sjå link til nettstaden til Lepsøy Idrettslag under.

Share to