• Photo: Per Eide, www.pereide.no (Opphavsrett)
  • Photo: Anne Tømmervåg (Opphavsrett)
  • Photo: Illustrasjon av Øyunn Kleiva (Opphavsrett)
  • Photo: Anne Tømmervåg (Opphavsrett)

Strandgravfeltet på Løsetstranda i Herøy

Frå Odyssevskvædet av Homer, gjendikta av Arne Garborg

På Løsetstranda på den delen av Gurskøy som ligg i Herøy, mot grensa til Sande kommune ligg gravrøyser samla ved sjøen i det vi kallar eit strandgravfelt. Slike store gravfelt ved havet er eit særmerke for sunnmørskysten. Strandgravfeltet på Løsetstranda er med sine 63 røyser eitt av dei aller største.
 

Det startar med ei stor eldre bronsealder røys

Gravrøysene er bygde opp av rullestein frå strandvollen mange av dei ligg på. Gravrøysene er reiste over eit vidt tidsrom. Dei eldste er frå eldre bronsealder. Då breidde skikken med å byggje monumentale røyser over gravene seg frå Hellas i sør til oss her oppe i nord på kort tid. Dei fyrste mektige røysene frå eldre bronsealder låg oftast enkeltvis langs leia. Nokre av desse fekk i eldre bronsealder fylgje av nye røyser i heile strandgravfelt.

Gard på Løsetstranda i bronsealder

Frå eldre bronsealder kjem også dei fyrste spora etter gardsdrift på Løsetstranda: Ovanfor strandgravfeltet, på ei marka som vert kalla Jorda, forseglar øvste matjordlaget eldre jordlag under, det underste er tidfest til eldre bronsealder. Folk budde truleg her ute. Fram mot slutten av 1700-talet veit vi Løsettunet låg her, -då tok ei fonn husa. Om lag 1850 vart Løsettunet oppattbygd på heilt ny stad – der det ligg i dag. I eldre tider låg i om lag same området som nyetunet kom garden Hjelle.

Asbestkeramikk - lokalt produsert keramikk i bronsealder

Innåt ein stor stein på Jorda er det funne skår av det vi kallar asbestkeramikk. Når leira vert magra med asbest, toler keramikken varmesvingingar betre. Asbestkeramikken er frå yngre bronsealder og fyrste del av eldre jarnalder. Denne keramikken finn vi langt oftare på Sunnmøre enn elles på Vestlandet. Krukkeskåret vitnar om busetjing eller gravlegging. Denne tida var det ikkje vanleg å markere gravene med røys eller haug. Krukka kan ha kome frå ei branngrav, der ho har tent som gravurne eller gravgåve.

Strandgravfeltet frå jarnalder

Då skikken med å byggje gravrøyser kom attende i siste halvdel av eldre jarnalder, fekk nokre av dei gamle bronsealderrøysene bygt nye røyser kring seg. Slik vart strandgravfeltet på Løsetstranda til.

Gravrøyser kan ikkje alltid tidfestast ut frå form. Men gravrøysene frå eldre jarnalder kan vere lågare enn dei store bronsealderrøysene, nokre heilt låge. Formvariasjonen vert større. Langrøysene her er t.d. ein jarnalderskikk. Truleg er her også røyser frå yngre jarnalder.
 

Gravrøysene får stundom ei ny grav sett inn i sida på den gamle. Ei slik lita branngrav, eit lite steinsett kammer med brende bein og kol, vart funnen i sida på den øvste røysa, nær vegen ved Jorda.
 

Hulder og haugebonde

Før var det ei allmenn haldning at gravrøyser ikkje skulle røyvast. Gravrøysa eller gravhaugen var bustaden til den døde. Respekten for gravene til forfedrene og formødrene finn vi seinare att i trua på at gravrøyser husa dei underjordiske. Vart dei som heldt til i gravrøysene uroa, kunne dei hemne seg.

Freistnaden vart vel likevel somme tider for stor. I enkelte røyser nede på strandvollen er sjølve grava opna: hellekista den døde vart lagt i ligg open. Segna fortel at to karar fann ei gullskål i ei av gravrøysene på Løsetstranda. På veg til Bergen for å selje skåla rauk dei uklar om delinga, og sjøferda heldt på å gå gale. Den eine heiv då gullskåla til havs. Andre gjenstandsfunn frå røysene er ikkje kjent. Alle fekk ikkje gravgåver som held stand mot tida. Turre røyser har dårlege bevaringstilhøve. Sidan respekten for dei underjordiske forsvann, er det kulturminnelova som skal forhindre plyndring av dei freda gravminna frå vår fortid.
 

Share to