• Photo: Fylkesarkivet (Opphavsrett)
  • Photo: Fylkesarkivet (Opphavsrett)
  • Photo: Fylkesarkivet (Opphavsrett)

Jekter og motorbåtar i Feios

Dampskipskaien i Feios var mykje brukt då jekter og motorbåtar vart nytta til varefrakting inn og ut Sognefjorden.

Jekter og motorbåtar

Jektefarten var ein handelsfart som gjekk langs kysten frå Vestlandet til Nord-Norge frå slutten av middelalderen til tidleg på 1900-talet. Ein stor del av årsaken til at jektefarten oppsto, var at kongen forbaud hanseatene å segla nord for Bergen.

Det har vore ein utstrekt jektefart i fjordane på Vestlandet, både nord og sør for Bergen. Her var det blant anna sild og landbruksprodukt som blei transportert. Jektefarten var ei livsnerve i kysttrafikken, både for transport av handelsvarer og persontrafikk.

Sjølve jekta

Jektene blei bygde etter lokale håndverkstradisjonar langs kysten frå Vestlandet og nordover, bygginga var fullstendig basert på båtbyggjarens erfaring, uten tegningar eller modellar. Dei blei klinkbyggde på tradisjonelt nordisk vis. Ei jekt er ei stor, brei seglskute utan fast dekk.

Jekter og motorbåtar i Feios

I Feios kjenner ein til ulike jekter og motorbåtar som vart nytta til slik jektefart og varetransport.

  • "Aga", eigar: Anders Feidje Rinde
  • "Havfruen" (kalla "Esejekti"), eigar: Ivar A. Feidje og Trond Farnes
  • "Lyna", eigar: Peder Hove
  • "Grieg", eigar: Ivar E. Borlaug
  • "Vesla", eigar: Ivar Borlaug
  • "Samband", eigar: Ivar E. Borlaug, seinare Sverre Feidje
  • "Torsnes", eigar: Ivar Feidje
  • "Sea King", eigar: Ivar Feidje
  • "Helgafjell", eigar: Kristen Feidje og Arne S. Feidje
  • "Fram", eigar: Ole J. Rinde
  • "Modig", eigar: Jon O. Rinde
  • "Lom", eigar: Olav Rinde (Gaut-Ola)
  • "Terje", eigar: Ole J. Rinde
  • "Barle", eigar: Jon J. Borlaug
  • "Ulabrand", eigar: Kristian Høyum og Sigvald Borlaug
  • "S-239", eigar: Lyder Eikeland
  • "Lønes", eigar: Leif Eikeland
  • "Vear", eigar: Sverre Feidje

1 comment

  • Veldig interessant,men lurer på om alt stemmer. Har høyrt mykje lokalhistorie frå Feios

Share to