• Photo: Synnøve Gjermundnes (Opphavsrett)
  • Photo: Synnøve Gjermundnes (Opphavsrett)
  • Photo: Synnøve Gjermundnes (Opphavsrett)

Plommer på "Norgesglass"

Ei tid som er forbi...?

Å gå ned i ein skikkeleg kjellar, er ei spesiell oppleving. Her luktar mur, litt jord, litt fuktig, litt poteter, kanskje litt støv.... Og så er det hyllene med saftflasker: rips, blåbær, solbær - eller ei blanding. Det er mykje meir spennande enn å berre opne fryseboksen! Har du sett ei saftflaske som er fleire år gamal - kor gylden den blir på farge?

Ein gong henta eg opp ei flaske frå kjellaren til mor - og serverte to av oldebarna hennar. "Her skal de få smake saft som vart laga fleire år før de vart fødde!". Dei var 8 og 10 år gamle, og drakk med stort alvor og høgtid!

Men aller flottast er syltetøyglasa med hermetiske plommer! Eg er så heldig å ha ein liten kjellar, og der står glas med hermetiske plommer. Eg lagar alltid hermetiske plommer om hausten.

Eg lærde det av bestemor. Mange trur at det er så vanskeleg, og eg har for så vidt ikkje så mykje imot at dei blir i den trua. For då har eg noko "spesielt" å servere. Men altså: Eg lærde "teknikken" av bestemor. Bestemor - eller besta som vi kalla henne, var flink til mange ting: ho spela munnspel, dansa, laga kromkaker, og ho hadde i si tid (i dei harde 30-åra) mata - ein heil bøling av folk som var med på slåttonna - med trast. Fuglane var tekne på snare i ripsbærbuskene i prestegarden! Og så laga ho hermetiske plommer. Som ho gjerne serverte når det kom folk på besøk, og det skjedde ofte.

Besta og bestefar var blant dei første i bygda som fekk fjernsyn - i byrjinga av 60-åra - og dei heldt "ope hus" kvar kveld. Stua var full! Stolar vart sette fram på rad og rekkje som på ein kino. Og besta serverte "gjestene" kromkaker - og hermetiserte plommer.

Eg tenkjer alltid på dette kvar haust når eg følgjer "ritualet" til besta: kokar opp ein passe sukkerlake; ein passe neve plommer blir plumpa oppi - og får ligge nokre minutt til skalet tek til å sprekke opp - og så over i varme "Norgesglass" som har ligge i steikeomnen. Og det må vere "Norgesglass". Eg har prøva andre - meir "fancy" glas der lokket er festa til glaset med ein ring for eksempel - men det fungerer ikkje skikkeleg. Det er lettare med "Norgesglass" der du først legg lokket litt forsiktig på, så innhaldet ikkje skal skvulpe over - og så etterpå tek eit fastare grep om glaset før du skruar lokket skikkeleg til.

No er "Norgesglass" dessverre mest å sjå i hyllene på Fretex, men for meg høyrer dei heime i den mørke "løyndomsfulle" kjellaren - der kan eg samle jordiske "skattar" som lyser opp når eg tenner lyset - og finn eit glas med plommer.....og mange minne.

Men dersom denne tida er forbi, finst det kreative forslag til korleis "Norgesglass" kan brukast - som f.eks. til å oppbevare - ikkje syltetøy i, men sølvtøy!
Nokon betre?

Share to