• Photo: Peder Stokke (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)

Dei gamle trekorsane ved Kleive kyrkje

Denne vesle artikkelen handlar om heimlaga gravkorsar. Dei var vanlege rundt om på kyrkjegardane for 2-3 generasjonar sidan. På kyrkjegardane på Veøya og ved stavkyrkja i Rødven, finst det nokre få natursteinar der initialane og kanskje dødsåret på den døde er hogde inn, men det var langt frå vanleg. Dei fleste fekk ein trekors med namnet eller bokstavane sine på. Når denne rotna opp, var grava på det næraste gløymt. Korsen stod i hovudenden av grava og vart derfor rett og slett kalla hau-stav. Slik var det på Kleive og truleg også elles i Romsdal også. Bjørnstjerne Bjørnson skriv i alle fall om hau-stavar i Bondefortejinga "Arne".

Ein gong eg intervjua Peder L. Romuld (1909-2002) om tusenkunstnaren Andreas Olsen Rønningen (1843-1924), kom det fram verdfulle opplysningar om gravminnetradisjonane i Kleive sokn. Andreas var rokkedreiar, smed, urmakar, fotograf og målar, ja, han laga både feler, gitarar, orgel og positiv. Han måla eit sjølvportrett på eit skråband i den no nedrivne løa på bruket sitt, og ein annan stad i same bygningen hadde han skrive årstalet "1885" på ein forseggjort måte. På spørsmålet mitt til Peder L. Romuld om kva han eigentleg måla, svara Peder: "Han måla namn på hau-stavane for folk. Eg ser for meg folk frå bortsida av fjorden kjem opp bakkane med hau-stavane på skuldra på veg opp til Andreas for å få måla namn på dei." Etter som han hadde heimen sin oppi bakken, bak kyrkja, budde han sentralt til for eit slikt arbeid, men som kunstnar overgjekk han nok også dei aller fleste i bygda. I dag er det knapt bevart gravkorsar måla av Andreas Rønningå, så vi veit ikkje kva han skreiv på gravkorsane utanom namn og årstal. Det har vore sagt at "Hvil i fred." og "Fred med ditt støv." var det det mest vanlege. På andre støtter kan det vere vising til eit bibelvers.

På kyrkjegardane på Kleive er det ikkje eit einaste gravminne som er så mykje som hundre år. Berre ei grav har liggjande gravstein, og støypte jarnkorsar med rikt ornamentering er det att berre nokre få av. Desse kom på landsbygda sist på 1800-talet og var på moten det første 10-året av 1900-talet eller vel så det. Desse hadde ofte mange symbol og ornament, men dei var kostbare, og berre eit fåtal hadde råd til å tinge slike. Kring første verdskrigen kom så dei meir vanlege gravsteinane, både i naturstein og som støypte steinar med namn og årstal hogd inn i steinen. Steinane varierte i både storleik og fasong, og på den måten skapte minnesmerka variasjon på ein kyrkjegard. Dette ser ein tydeleg på dei to kyrkjegardane for Kleive kyrkje. Mangfoldet er størst på den austre kyrkjegarden der det er mange gravminne frå først på 1900-talet, men dei gamle kvitmåla "hau-stavane" er heller ikkje å sjå der.

Alle "gamle" gravstøtter er no borte, men eg vil nemne to som truleg var noko utanom det vanlege. Knut Solemdal skriv at på ei støtte stod desse minneorda:
O, du gamle olding ben,
Du haver rullet mang en sten
Her udi Ødegaards Raaket.7)
Kven han var, mannen i Ødegårdsråket, det må vi berre gjette oss til. Det treng vi derimot ikkje når det gjeld Randi Eriksdatter Kleve, som døydde som kårenke på Tamburgarden i 1855. Ho vart fødd på Barsteinen i Nesset i 1779, gifta seg med tambur og gardbrukar Ole Olsen Kleve i 1803 og døydde 1855, 78 ½ år. Asbjørn Nakken har tatt vare på namnebrettet hennar. Merke på baksida viser at gravminnet har vore svartmåla, og namnebrettet var festa til ein "hau-stav" med Andreaskors.  

Share to