• Photo: Helge Sunde (Opphavsrett)
  • Photo: K. Knudsen & Co. KK pk 150. (Opphavsrett)
  • Photo: Ann Steindal. (Opphavsrett)
  • Photo: David Sandved. (Opphavsrett)
  • Photo: Ann Steindal (Opphavsrett)
  • Photo: David Sandved. (Opphavsrett)

Odda smelteverk

Industrieventyret i Odda

Industrieventyret i Odda starta med at Tyssefaldene AS sikra seg eigedomsrettane til Tyssovassdraget i Hardanger i 1906. Bak selskapet stod mellom anna den norske ingeniøren Sam Eyde, og dei svenske brørne Wallenberg frå Stockholm Enskilda Bank. Selskapet inngjekk avtale om å bygge ut vassdraget for å levere kraft til to fabrikker som skulle byggast i Odda, få kilometer lengre sør i fjorden. I 1906 starta Alby United Carbide Factories og North Western Cyanamide Company oppføringa av kalsiumkarbidfabrikk og cyanamidfabrikk (Frå 1924 fekk dei fellesnemninga Odda Smelteverk AS). Bak begge selskapa stod den britiske aktøren The Sun Gas Company, medan den røynde svenske ingeniøren Albert Petersson var ein viktig drivkraft og den første direktøren ved anlegget.

Hausten 1908 sto Tysso I klar til å levere straum, og produksjonen ved dei to fabrikkane tok til. Karbid vart produsert av kalk og koks, og saman med nitrogen var karbiden råstoff for cyanamid. Det var ein av fleire typar kunstig nitrogengjødsel som vart utvikla tidleg på 1900-talet. Ei utviding av anlegget kom alt i 1912 og i åra fram mot 1. verdskrig vart cyanamidfabrikken i Odda kjend som verdas største i produksjonskapasitet. På eit seinare tidspunkt skulle smelteverket og bli verdas største eksportør av karbid. Dette var altså ei betydeleg bedrift også i internasjonal målestokk. Smelteverket var i drift i nær hundre år før nedlegginga i 2003.

Fabrikktomta

Dei nye fabrikkbygga vart sett opp på ei langstrakt tomt ved elva Opo, like aust for strandstaden Odda. Ved fjorden, nokre hundre meter frå fabrikksområdet, vart det bygd importkai og eksportkai på kvar si side av Opo sin elvemunning. Ei taubane frakta råvare mellom importkaia og fabrikksområdet, medan smelteverkstrikken frakta ferdig produkt frå fabrikken til eksportlageret. I dag utgjer verkstomta om lag 1/3 av Odda sentrum, med eit areal på ca. 88 mål. Lengst sør på anlegget ligg karbidfabrikken saman med råstofflageret, og nord på tomta ligg cyanamidfabrikken. Importkai med taubane, råstofflager og karbidanlegg, er resultat av modernisering og teknologiske forbetringar frå etterkrigstida og framover og er prega av store, utildekka konstruksjonar og dristige volum i ubehandla armert betong.

Mykje av produksjonsutstyret ved cyanamiden vart modernisert, men framstillinga haldt fram i dei opphavlege bygga frå tidleg 1900-tal. For si tid var dette svært moderne industribygg med skjelettkonstruksjon i armert betong eller stål, og veggar utmura med tegl. Desse bygga er prega av eit meir tradisjonelt formspråk med vektlegging av dekor. Mindre bygg som portbygningar, verkstader, lager og sentralbad, er også frå den tidlege fasen av fabrikken si historie.

Odda smelteverk etter nedlegginga

Det nedlagte smelteverket har i dag høg verdi som teknisk-industrielt kulturminne. Hovudtrekka i produksjonslinja er framleis intakt og bygningsmassen fortel om skiftande tendensar med omsyn til byggeskikk og estetikk. Som det største av pioneranlegga i nitrogengjødselindustrien tidleg på 1900-talet har verket ein viktig posisjon i den internasjonale industrihistoria, og i nasjonal samanheng har det høg verdi i forteljinga om framveksten av den kraftkrevjande industrien i Noreg.

Kraftstasjonen Tysso I vart freda i 2000. Deler av smelteverket vart mellombels freda i 2003, medan ordinær fredingssak for anlegget er under utarbeiding. Saman med Rjukan-Notodden vart Odda/Tyssedal i 2009 førte opp på Noregs offisielle tentative liste for verdsarvnominasjon, som representantar for industrihistoriske kulturminne knytt til kraftproduksjon. 
 

Share to